Musikk

Husleg musisering

Mahan Esfahani spelar Bachs oppbyggjelege tobakkspipesong.

Den iransk-amerikanske cembalisten Mahan Esfahani.
Publisert Sist oppdatert

Sommaren 1720 fylgde Johann Sebastian Bach (1685–1750), hoffkapellmeister i Köthen, fyrsten på reise til kurbada i Karlsbad. Heimkomsten blei eit «smerteleg sjokk», les me i nekrologen: Då han tredde inn i heimen, fekk han vita at kona Maria Barbara, «sjølv om ho hadde vore frisk og rask då han forlét henne, var død og gravlagd».

Å driva eit hushald utan kone for ein travel kapellmeister gjekk ikkje, så året etter gifte han seg på nytt med den femten år yngre hoffsongarinna Anna Magdalena Wilcke (1701–1760). Lenge blei dei ikkje ved hoffet i Köthen, for i 1723 overtok Johann Sebastian som kantor ved Thomaskyrkja i Leipzig.

Langt linnare

«Anna Magdalenas notebøker» i to samlingar (1722 og 1725) er med musikk for cembalo solo eller songar med klaverakkompagnement som husbonden og kona laga til privat musisering. For nokre år sidan kom Mahan Esfahani med ei lekker tolking av notebøkene – lekker ikkje berre på grunn av dei rørlege ornamenta og den detaljfokuserte fraseringa hans, men også sidan han spelar mange av stykka på klavikord, eit instrument som kling linnare enn den litt kvasse og sprø cembaloen. Med seg har han den utmerkte engelske sopranen Carolyn Sampson.

Johann Sebastian og Anna Magdalena arbeidde så nær saman med kopiering av notane hans at noteskrifta deira etter kvart blei til forveksling lik. Notebøkene inneheld ikkje berre musikk av thomaskantoren, men også andre komponistar i samtida. I tillegg er ungdomsverk av Carl Philipp Emanuel, J.S. Bachs son frå det fyrste ekteskapet, rikeleg representerte.

Anna Magdalenas notebøker består for det meste av små dansesatsar for cembalo som i dag er populære hjå nybegynnarar på piano. Mest kjend er nok arien «Bist du bei mir» (på spor 22 med cembalo og på spor 40 med klavikord), som blir fint sungen av Sampson. Sidan ein lenge trudde arien var av J.S. Bach, ber han opusnummeret BWV 508. I røynda er dette ein operaarie av den samtidige G.H. Stölzel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement