Husdiktar og skald
Arne Paasche Aasen både visste og viste han at det var rimsmed han var.
Arne Paasche Aasen på hytta si i Haugsbygd i 1959.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB scanpix
Nokon plass på det norske parnasset fekk Arne Paasche Aasen (1901–1978) aldri. Da må det meir til enn prologar, viser og partilojalitet, og framfor alt må du ikkje få folk som Ragnvald Skrede og Hans Heiberg imot deg.
I ein svært grundig biografi legg Arild Bye inn eit godt ord for at Arne Paasche Aasen fortener ein plass litt høgre på totempålen. Mot slutten av livet fekk han ei slags diktarløn, eit stipend på 5000 kroner, med dei udøyelege orda «En skal med dette få meddele Dem at De er tildelt» og så vidare. Den sagnomsuste «En» var her statsråd Helge Sivertsen, som kunne skriva betre enn som så. Men heller ikkje han lyfte lansen for å gi den trugne partiskalden diktarløn. Med tilgang til eit fyldig arkivmateriale dokumenterer Bye kor hardt dette gjekk inn på han.
Rimsmedgråstein
Biografen viser òg at det ikkje er reint få gullklumpar i all den rimsmedgråsteinen som dei fleste av kritikarane alltid nemnde og enno nemner når Paasche Aasens versekunst – eller versemakeri – kjem på tale. Han var jamaldring og kamerat med Rudolf Nilsen. Hovudskilnaden var at Paasche Aasen var døgndiktar, han sette seg sjeldan ned for å fila og finpussa dikta sine. Han tenkte og arbeidde som den travle journalisten han alltid var: Så fort noko var ferdig, skulle det på trykk, oftare og oftare over signaturen Dorian Red, og så var det tid for å tenkja på den dag i morgon og neste dikt.
Når han skreiv for partiet, hadde han Haakon Lie som hovudredaktør. Det formulerte Lie slik i eit intervju eg gjorde med han i oktober 1992 – aldri trykt i Aftenposten, både på grunn av ordvalet og fordi det galdt ei heilt anna sak: «Og så Arne Paasche Aasen, da. Han DREIT jo vers, han. Men det var nå ikke Shakespeare alt samma, så jeg måtte jo rette på dem, midt oppi alt det andre jeg hadde å gjørra.»
Bye viser korleis Lie «retta» på eit av dei mest kjende dikta hans fordi parolane mangla. Aasen hadde skrive det han tenkte som nasjonalsongen for arbeidarane, med refrenget:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.