JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Husdiktar og skald

Arne Paasche Aasen både visste og viste han at det var rimsmed han var.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arne Paasche Aasen på hytta si i Haugsbygd i 1959.

Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB scanpix

4182
20181207
4182
20181207

Sakprosa

Arild Bye:

Arne Paasche Aasen. Fra verdensrevolusjon til de nære ting

Aschehoug

Nokon plass på det norske parnasset fekk Arne Paasche Aasen (1901–1978) aldri. Da må det meir til enn prologar, viser og partilojalitet, og framfor alt må du ikkje få folk som Ragnvald Skrede og Hans Heiberg imot deg.

I ein svært grundig biografi legg Arild Bye inn eit godt ord for at Arne Paasche Aasen fortener ein plass litt høgre på totempålen. Mot slutten av livet fekk han ei slags diktarløn, eit stipend på 5000 kroner, med dei udøyelege orda «En skal med dette få meddele Dem at De er tildelt» og så vidare. Den sagnomsuste «En» var her statsråd Helge Sivertsen, som kunne skriva betre enn som så. Men heller ikkje han lyfte lansen for å gi den trugne partiskalden diktarløn. Med tilgang til eit fyldig arkivmateriale dokumenterer Bye kor hardt dette gjekk inn på han.

Rimsmedgråstein

Biografen viser òg at det ikkje er reint få gullklumpar i all den rimsmedgråsteinen som dei fleste av kritikarane alltid nemnde og enno nemner når Paasche Aasens versekunst – eller versemakeri – kjem på tale. Han var jamaldring og kamerat med Rudolf Nilsen. Hovudskilnaden var at Paasche Aasen var døgndiktar, han sette seg sjeldan ned for å fila og finpussa dikta sine. Han tenkte og arbeidde som den travle journalisten han alltid var: Så fort noko var ferdig, skulle det på trykk, oftare og oftare over signaturen Dorian Red, og så var det tid for å tenkja på den dag i morgon og neste dikt.

Når han skreiv for partiet, hadde han Haakon Lie som hovudredaktør. Det formulerte Lie slik i eit intervju eg gjorde med han i oktober 1992 – aldri trykt i Aftenposten, både på grunn av ordvalet og fordi det galdt ei heilt anna sak: «Og så Arne Paasche Aasen, da. Han DREIT jo vers, han. Men det var nå ikke Shakespeare alt samma, så jeg måtte jo rette på dem, midt oppi alt det andre jeg hadde å gjørra.»

Bye viser korleis Lie «retta» på eit av dei mest kjende dikta hans fordi parolane mangla. Aasen hadde skrive det han tenkte som nasjonalsongen for arbeidarane, med refrenget:

«Det er Norge! Det er Norge!

Det er frihetens forpost her nord

Med Lies noko raudare penn vart det til:

«Kamerater, kamerater!

Det er frihetens forpost her nord.»

Bye ser det som typisk for den lojale Aasen at han ikkje hadde ryggrad til å setja seg opp mot Lies korrektur. Denne forbetringa var ukjend heilt til gravferda i novembermørket i 1978, da enka Valborg Moe (Vaps mellom vener), som ikkje hadde hatt noko greitt samliv med den tørste og kvinnekjære poeten, fortalde historia.

Engelsk tradisjon

Noko av styrken ved Byes bok er at han skriv i den engelske biografitradisjonen: Fortel du om ein historisk person, må du plassera han eller henne i det spesielle miljøet og gi ei skildring av både det og av epoken. Det ligg i undertittelen på boka: Fra verdensrevolusjon til De nære ting.

For poeten frå Steinkjer var bokstavleg tala eit barn av trua på verdsrevolusjonen: Mor hans, Augusta Aasen, ligg gravlagd ved Kreml-muren, rett under Jurij Gagarins namneplate. Som 42-åring miste ho livet i ei ulykke i Moskva i 1920, der ho saman med Einar Gerhardsen (23) var utsending til Den tredje internasjonale. Det står «A. Oceh», med russiske bokstavar, på gravstaden bak Lenin-mausoleet.

Når han mindre og mindre gav seg tid til gjennomarbeiding og finpuss, kom det av at han var rastlaus og utolmodig, men òg av at han aldri sa nei til noko prosjekt eller oppdrag. Kvar dag skulle Dorian Red levera eit aktuelt dikt til Arbeiderbladet. Der både visste og viste han at det var rimsmed han var. Det meste er enkelt, mykje er platt, men med mange av dei enkle dikta sikra han seg ein plass hos lesarar som elles ikkje ville ha nærma seg noka form for lyrikk.

Han gløymde aldri dei nære ting. Men heller ikkje gløymde han at det ikkje kunne verta diktarløn eller monument av at halve nasjonen gjekk og nynna på «Blåsveispiken» etter kvar ønskekonsert i NRK.

Per Egil Hegge

Per Egil Hegge er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Noko av styrken ved Byes bok er at han skriv i den engelske biografitradisjonen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis