Musikk

Hus og bass i samtale

Gisle Nataas og Håkon Thelin lagar ein fascinerande heilskap.

Gisle Nataas og Håkon Thelin.
Publisert Sist oppdatert

Håkon Thelin er ein av dei fremste samtidsmusikarane våre. Han har utvikla eit imponerande spel på kontrabassen og dukkar opp i ei mengd musikalske omgjevnader. Gisle Nataas er ikkje så kjend for mange av oss. Han er arkitekt og lydkunstnar som gjer konsertar/framsyningar med lyden av arkitektur. Feltopptak frå spesifikke arkitektoniske stader vert arbeidde med, miksa og transformerte til nye musikalske og romlege opplevingar.

Feltopptaka er knytte til to bygningar som den kjente norske arkitekten Sverre Fehn har teikna, forlagshuset Gyldendals hovudkontor i Oslo og Storhamarlåven som Fehn teikna over den delvis øydelagde bispegarden på Hamar, og som no er ein del av museet Domkirkeodden.

Kva historieforteljinga har å seia for opplevinga, anten det dreiar seg om kjøt frå grasfôra vestlandsk fjordfe på ein gourmetrestaurant eller feltopptak frå to Fehn-bygningar, kan ein spekulera på, men det gjer vel sitt til at ein smakar/lyttar med forteljingane i bakhovudet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement