Bok
Hundre års einsemd i flokk
Rakel Solstad har skrive ein viktig roman om synlege og usynlege overgrep.
Rakel Solstad har tidlegare skrive to novellesamlingar.
Foto: Benedikte Skarvik
«Helvete er dei andre», heiter det hjå Sartre, men ein lyt hugsa at me også er mellom dei andre for somme. I flokken trivst vondskapen, av di det kjem for ein dag kven som er veik eller sterk, etter skiftande målestokkar, alltid definert av einkvan som vil ha makt.
Sende bort
I 1901 vart den første internatskulen i Finnmark vedteken, i 1999 vart dei siste lagde ned. I eit snautt hundreår eksisterte det altså ei stode der mange små born vart sende bort på skulen for ei veke eller meir om gongen. No har Rakel Solstad skrive ein god roman om dette, og samla røynsler som faktisk er kjende frå denne tida i nokre få personar som me får sjå dels i tette, nære scener frå hendingar under ein snøstorm i november 1962, og dels i referatstil frå litt eldre tider.
Sentralt i romanen står Elis, som var elev ved internatskulen i tida mellom 1948 og 1956. Her får me i byrjinga berre sjå i generelle vendingar at Elis nok ikkje hadde det særleg godt. I 1962 er han attende ved skulen, som ein slags assistent med praktiske arbeidsoppgåver. I snøstormen i 1962 har straumen gått, det er ikkje råd å frakta elevane heim i helga, og lesaren får eit lite innblikk i tilhøva mellom borna. Her er ein redd gut som heiter Frans, han har synt veikskapen sin såleis at han vert eit våpen for dei hine, og ein som er i stand til å nytta dette våpenet, er ein annan gut, Arno. Overgrepa kjem ikkje frå dei vaksne, dei er resultat av løynlege og stundom openberre hierarkiske strukturar i flokken. Og slik var det nok alltid, men det er ikkje eit særmerke ved internatskulen. Tilhøvet vert berre forstørra av at ungane er på same stad heile døgeret, heile veka.
Grove brotsverk
Ei hending kan vera ein bagatell for den eine og traumatisk for den andre. Solstad skildrar grove brotsverk, men er for det meste atterhalden, her vert det ikkje smurt på med effektar. Såleis forstår ein lidinga til Frans betre, og ein kan også ana kva Elis vart utsett for, og kva det gjorde med han. Men kven skal klandrast? Alle stader der ein samlar folk i grupper, vert det straks danna maktstrukturar. Den første dagen min i barnehagen i kjellaren i Nordberg kyrkje i Oslo, kom ein gut som heitte Sigurd bort til meg og fortalde at han var den sterkaste i heile barnehagen, og brått forstod eg korleis verda fungerer. Lærdomen er framleis gyldig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.