Hundeliv laga

Nydeleg, filosofisk og humoristisk om kjærleik til hundar, livet og døden.

Publisert Sist oppdatert

HYBRIDDOKUMENTAR

Regi: Laurie Anderson

Heart of a dog

Med: Laurie Anderson, eit par hundar og glimt av folk frå livet hennar

Det er ikkje noka klar handling i Heart of a Dog, men det tyder ikkje at filmen ikkje har retning eller ei form for narrativ. Det startar med Laurie Andersons varme, rolege røyst som gjev att ein draum der ho fødde eit barn. Då dokteren kom bort med barnet, såg ho at det var hunden hennar, Lolabelle. Med kolstiftteikningar kjem draumen til liv. Klipp frå gamle filmopptak blandar seg med animasjonen, og me fylgjer Laurie og hunden saman gjennom brotstykke i liva deira. Stikkord er den tibetanske dødeboka, hunden som held pianokonsert, og å gje slepp på den ein elskar. Kamera går Gjennom New Yorks gater fylgjer kamera med frå hundeperspektiv. West Village på Manhattan verkar framleis som ein koseleg landsby, ein god kontrast til paranoiaen Anderson skildrar kom snikande etter 11. september 2001. Ho ser tilbake på då vegen utanfor vindauga hennar til kvar tid var full av lastebilar som susa forbi med restane av tvillingtårna. I ei av dei tidlege scenene i filmen tek ho med seg Lolabelle til California for å sleppa unna alt maset og kaoset. På ein fjelltur dukkar to haukar ned for å vurdera den vesle terrieren som mogleg byte, og ho ser noko nytt i augo til hunden: Frå no av kan farar truga også frå lufta. 180 grader meir å måtta uroa seg over. Slik, seier Laurie, vart ho klar over kva også menneska måtte tenkja – «and it would be this way from now on», både for Lolabelle og innbyggjarane i New York.

O Super-Laurie

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement