Bok
Humor og kunnskap i skjønn foreining
Niels Christian Geelmuyden gapar høgt når han intervjuar 17 avdøde personar som har vore med på å forma oss, men forfattaren osar av energi.
Astrid Lindgren (1907–2002).
Foto: Gyldendal Norsk Forlag
Niels Christian Geelmuyden er kjend for å vera ein av landets fremste portrettørar. Det mest kjende er av statsminister Gro Harlem Brundtland frå 1993. Også kjent som eit skandaleintervju. Brundtlands sekretær nekta å overlevera det til henne fordi Geelmuyden hadde skrive alt som statsministeren sa – og det vart ikkje godkjent. Likevel kom det på trykk i vekebladet Det Nye. I denne boka slepp Geelmuyden unna sitatsjekk og godkjenning. Alle intervjuobjekt er nemleg gravlagde for lenge sidan.
Geelmuyden har laga fiktive spørsmål til personar som Edvard Munch, Henrik Ibsen, Knut Hamsun og Astrid Lindgren. Sjølv om spørsmåla er dikta opp av forfattaren, er svara faktabaserte på kva dei sjølve har fortalt. Dette er ein spennande sjanger som er lite brukt. Det krev god bakgrunnskunnskap. Geelmuyden har gjort heimeleksa.
Høgdepunkt
Eit av høgdepunkta i boka er då 85 år gamle Astrid Lindgren lèt seg intervjua 10. september 1993 i Oslo. Denne dagen er Lindgren heidersgjesten på Det Norske Teatret. Ho sit i salen då Mio, min mio blir synt. Like etter framsyninga får Niels Christian Geelmuyden ein lengre samtale med henne.
Lindgren fortel om dei djupt religiøse foreldra sine og om då ho som 18-åring vart gravid med den nesten 50 år gamle redaktøren Reinhold Blomberg.
«Jeg trodde det skulle ta livet av foreldrene mine», seier ho. Utan erfaringa ho fekk av å vera mor til ein «lausunge», ville ho aldri ha vore ein så god forfattar, seier Lindgren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.