Teater

Humor i skuggelandskap

Velspelt komedie om kvinnevennskap mot ein dyster bakgrunn.

Linn Løvik, Christine Hope og Reny Gaassand Folgerø i komedien av Peter Quilter.
Linn Løvik, Christine Hope og Reny Gaassand Folgerø i komedien av Peter Quilter.
Publisert

Det spesielle med dette humoristiske kammerspelet er at det er den kvinnelege utgåva av komedien The Hill, som handlar om tre menn. Den engelske dramatikaren har altså skrive to kjønna komediar om nett same tema – tre venner som dreg til fjells for å minnast og ære ein nyss død venn. Det kunne vore interessant å sjå dei to versjonane sett mot kvarandre, så å seie.

Nett denne bakgrunnen med den døde venninna og minna om henne, ligg som ein klangbotn for mykje av det som skjer. Her møter vi tre kvinner i 40–50-åra: Monica (Linn Løvvik), som skal gifte seg – men ikkje er heilt trygg på at ho har valt rett, den lesbiske Silje (Reny Gaassand Folgerø) som er ute av eit forhold og slit med det, og Bodil (Christine Hope), som er meir interessert i kafébesøk enn fjellturar, og som dessutan ber på sjølvmordstankar.

Ulike er dei, men minna om avdøde Rebecca held dei saman. Medan dei strever seg mot toppen, speler dei tre ut mykje av det vi assosierer med vennskap – krangling, omsorg, kjærleik og litt baksnakking. Det er attkjennande (også for ein mann), og Quilter har hylla det heile inn i eit komikkens og humorens skjer, som dei tre godt samspelte aktørane med fin timing veit å ta vel vare på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement