Hulter til bulter

Eg plar vere god på å ignorere mindre heldige samanstillingar av verk, men her smelta sanseinntrykka så tett saman at det var uråd.

Yin Xiuzhen (f. 1963), «Weapon», utsnitt, 2003–2007. Installasjon.
Yin Xiuzhen (f. 1963), «Weapon», utsnitt, 2003–2007. Installasjon.
Publisert

Alle salane ved Lillehammer Kunstmuseum er fylte med verk av kvinnelege kinesiske kunstnarar. Dette er den første mønstringa av sitt slag i Norden og kan reknast som ein stor sensasjon. Nettopp i ei slik utstilling er sjølve samansetjinga av verka viktig, men ein kan spørje seg om dette fungerte her.

Utstillinga «Stepping Out» presenterer heile 26 kunstnarar som er fødde mellom 1960 og 1995 og arbeider innanfor eit breitt spenn av uttrykksformer. Trass i variasjonen i uttrykk, har kuratorane valt ut verk som tematiserer kvinneleg identitet. Her får vi ein gløtt inn i korleis tilværet kan vere for kvinner i Kina, ikkje minst for kvinnelege kunstnarar. Fleire verk vitnar om ein barsk kamp for å hevde seg i eit svært mannsdominert kunstmiljø. Andre verk er smertefulle skildringar av dei enorme forventningane foreldra til kunstnarane har hatt til dei, til dette eine barnet sitt. Med eittbarnspolitikken er presset mykje hardare enn det vi opplever her til lands.

Museet har utført eit omfattande forskingsarbeid og gitt ut ein stor katalog i samband med utstillinga. Utstillinga skal vandre vidare til Kunstforeningen Gl Strand i København og Museum der Moderne Salzburg. Trass i at kuratorane hadde sett seg grundig inn i temaet, kom dei ikkje heilt i mål med utstillinga. Det var ei underleg oppleving å gå frå rom til rom, utan at verka snakka til meg. Måten verka var sette saman på, gjorde at dei forstyrra kvarandre – fleire slo kvarandre rett og slett i hel.

Det er synd at «Stepping Out» ikkje klarer å falde seg heilt ut, for dette er solide og interessante kunstnarar med inderleg følte og djupt alvorlege bodskapar. Så la oss sjå nærare på høgdepunkta i utstillinga.

Body Wounds

Ved inngangen til det første rommet i andre etasje av Lillehammer Kunstmuseum er det sett opp ei åtvaring om at eitt av verka handlar om sjølvskading. Verket det er snakk om er «Body Wounds» (The Bearable), 2010 av Chen Zhe (f. 1989). Verket fyller ei diger veggflate med tekstar og fotografi frå golv til tak. Det er eit svært krevjande verk å setje seg inn i. Her er mykje tekst – endåtil er storparten av vegginstallasjonen utforma med kinesiske skriftteikn, som er uforståelege for dei fleste i Noreg. Det er likevel verdt innsatsen å bruke tid her. Som ung student dreiv Chen Zhe med sjølvskading. Etter kvar gong ho hadde påført seg skade, dokumenterte ho handlingane. I ettertid, og som del av tilfriskninga, skapte ho kunst av dette materialet. Vi ser aldri den aktive skadinga – berre resultata – rifter i huda og oppryddinga av blodige klutar og avrivne hårtustar. Temaet er behandla nøkternt og analytisk, liksom betrakta frå utsida: Kva er eigentleg sjølvskading, kva gjer arra med henne som menneske?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement