Sakprosa

Holocaust gjennom augnevitne

Frode Helland har skrive eit minnepolitisk meisterverk om det fælslege.

Foto frå boka
Hédi Fried (då Szmuk) (øvst) fotografert saman med mor, veslesyster og far i 1934. Ho overlevde opphald i både Auschwitz og Bergen-Belsen og kom til Sverige i juli 1945. Ho var forfattar og psykolog.
Publisert

Dette er ei annleis bok om holocaust. Her står offera i sentrum. Same kor mange bøker du har lese om krigen og holocaust/shoa, må denne boka reknast mellom dei som skaper meir lys, luft og rom for forståing.

Skrivemåten botnar i det skikkelege, stødige tekstanalytiske arbeidet. Her er ikkje trong for dramatisering; Helland drøftar stilt og roleg utan fakter av noko slag vitneverdien av tekstane og kva dei syner fram. Denne interessa skil seg ein god del frå det vanlege spørsmålet om minnet har vore godt nok hjå skrivarane slik at opplysningane alltid er korrekte.

Tekstane som vert granska, er frå mange land og tek for seg ulike lagnader og personlegdommar, nokre er godt kjende (så som Elie Wiesel og Gisella Perl), andre heilt ukjende. Men knapt nokon har tidlegare vore utsette for slik nærlesing av tekstane deira; her vert dei like skjønsamt og nennsamt handsama som kva som helst tekst i verdslitteraturen.

God sitatkunst

Helland lyftar vitnemålstekstane fram og brettar ut mangfaldige fasettar av kjensleliva, vonene, observasjonsevnene og vurderingane til skrivarane. Kvart menneske er her ikkje berre døme på folkemord og liding, men på stamina, motstandsvilje, humor (ikkje berre galgenhumor), ironi, vreide, framtidsførestellingar, gir og lyst, sjølvsagt fortviling òg. Dømebruken kastar såleis lys over personlegdom og skrivemåtar, sameleis korleis dei vurderer si eiga skriving.

Alle detaljane som myldrar fram i drøftingane, er talande og vekkjer kjensler og samforstand hjå lesaren, dermed ettertanke. Teksten syner òg særs god sitatkunst: I bråe glimt gjev sitat oss ofte innsyn i det særeigne ved uttrykksmåten og truleg veremåten til kvar person som er omtala.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement