Høgreekstremisme frå innsida
Reportasjeboka Alt du elsker, skal brenne gir eit innsideblikk på amerikansk høgreekstremisme, men manglar eit overblikk.
National Socialist Movement er ei av dei høgreekstreme gruppene som journalist Vegard Tenold Aase har følgt.
Foto: Kiichiro Sato / AP / NTB scanpix
Då den norske journalisten Vegard Tenold Aase byrja å oppsøke høgreekstreme miljø i 2010, var dette eit fenomen som knapt var marginalt. Det han møtte, var små og uorganiserte grupper heilt i utkanten av det amerikanske samfunnet. Eit knapt tiår seinare har biletet endra seg. Ein auke i høgreekstrem vald, framveksten av eit høgreekstremt økosystem på internett og ein amerikansk president som spreier bodskapen sin via sosiale medium, har løfta fenomenet inn i mainstream-politikken.
Sjølv om dei tre organisasjonane som Aase har oppsøkt, Ku Klux Klan, National Socialist Movement og Traditionalist Workers Party, framleis er marginale, vert boka såleis ein road trip gjennom nokre av dei mest dramatiske åra og eit av dei mest interessante fenomena i nyare amerikansk politikk.
Menneskemøte
Innleiingsvis skriv Aase at han ikkje hadde som mål å forklare høgreekstremismen, men å forstå menneska som vart dregne mot han. Samstundes stiller han eit spørsmål ved om det i det heile tatt går an å vere ein nøytral og objektiv observatør i høve nynazisme. Svaret vert uavklart gjennom heile boka. I dei faktiske møta med menneska klarer Aase å la dei få kome til orde på ein ofte interessant måte. Men i forlenginga klarer han ikkje alltid å la vere å kommentere sin eigen tekst, særleg når han kan påpeike at ekstremistane tek feil.
Samstundes vert Aase påfallande stille dei gongane personane han har fått i tale, påpeikar klare feil og manglar ved både det amerikanske samfunnet og den vestlege liberalismen. Det vert nokså tidleg i boka klart at dette ikkje er vinnarane i det amerikanske samfunnet. Sjølv hovudpersonen, Matthew Heimback frå Traditionalist Workers Party, som har middelklassebakgrunn og universitetsutdanning, er ein som slit med å kjenne seg heime i eit amerikansk samfunn som har endra seg i ei rasande fart.
For dei fleste av personane vi møter i Alt du elsker, skal brenne, er det tydeleg at dei høgreekstreme rørslene først og fremst gir dei noko å halde fast i, noko som kan gi livet deira eit haldepunkt når det meste rundt dei er i drift. Dette er i og for seg viktige innsikter, men også ein stad der denne boka kjem til kort, fordi ho ikkje prøver å sette dette inn i ein større historisk samanheng.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.