Musikk

Høglydt rock, tafatt høgteknologi

Kompetente, men uinspirerte rockeveteranar framførte kjende vers i Facebooks stygge metavers.

Måndag morgon vart ein konsert med Dave Grohl og Foo-Fighters send på nettet.
Måndag morgon vart ein konsert med Dave Grohl og Foo-Fighters send på nettet.
Publisert

Før Foo Fighters’ Super Bowl-konsert gjekk av stabelen i VR og på Facebook Live måndag morgon, tvitra Meta: «Håpar dette ikkje bryt saman.» Det gjorde det. For meg og mange med meg tok det mange, mange forsøk før eg klarte å kople til «lokalet» der VR-konserten fann stad, og då eg kom inn, datt lyd og bilete bort i tide og utide.

Teknologigiganten driv butikk på private interaksjonar, så ein skulle tru dei strekte seg lenger for å gi inntrykk av at teknologien dei vil gjere verda enda meir avhengig av, er stabil.

Tekniske problem til side: Foo Fighters var samspelt og omtrent så hardtslåande som ein kan vente av eit poprockeband, men verka ikkje særleg inspirerte. Med få unntak, til dømes kald-krig-låta «Waiting On A War», kjendest settet livlaust og traust. Musikarane var gigantar på den virtuelle «scenen», framstilt i 180 graders 3D-panorama, men den gjensidige spenninga og energien ved konsertar var fråverande.

I det virtuelle lokalet kunne eg vandre blant preg- og beinlause avatarar med veivande armar og aktive mikrofonar. Balansen mellom live chat og musikk kunne justerast, men sidan det musikalske var så rutineprega, var det forfriskande å gå rundt og høyre folk frå andre verdsdelar kommentere det absurde opptrinnet. Eit høgdepunkt var når lyden og biletet frå scena fall ut medan eg framleis kunne høyre ein einsam publikummar synge med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement