Hofmo på plass

Når Gunvor Hofmos prosa no ligg føre i eiga bok, er Hofmo endeleg «på plass», som Jan Erik Vold kunne ha sagt det.

Gunvor Hofmo levde i åra 1898–1966.
Gunvor Hofmo levde i åra 1898–1966.
Publisert

For Volds eige vedkommande er eit arbeid som har pågått «on and off» i meir enn 20 år, endeleg avslutta. Det byrja med Dikt i samling i 1996, heldt fram med Etterlatte dikt i 1997 og toppa seg med Mørkets sangerske i 2000, ein mastodont av eit verk med undertittelen Ei bok om Gunvor Hofmo.

Sett i bakspegelen er det ingen tvil om at nett denne boka har vore avgjerande i Hofmo-resepsjonen. Hofmos bøker selde ikkje mykje i forfattarens eiga levetid, men ved tusenårsskiftet fekk forfattarskapen si blømingstid, og interessa har halde seg, ikkje minst på grunn av Volds iherdige innsats i skrift og tale land og strand rundt.

Prosamangfald

Gunvor Hofmos Prosa blir altså å rekne som det tredje bandet av heile forfattarskapen, saman med Dikt i samling og Etterlatte dikt. No skal det likevel seiast at dette prosabandet kan hende ikkje er heilt fullstendig, ettersom redaktør Vold har sett tittelen «Et utvalg brev 1947–1990» på ein sentral bolk i boka. Kva som ligg til grunn for utvalet, og kva som ikkje er med, får vi ikkje vite mykje om, men redigeringsprinsippet har tydeleg vore at berre brev skrivne av Hofmo sjølv skal takast med. Og brev kan fort bli nokså inkjeseiande om ikkje heile brevbytet er med.

Denne meldaren saknar likevel til dømes Hofmos skarpe brev til Odd Solumsmoen da han skulle redigere eit utval av Hofmos dikt for Den norske Bokklubben i 1976. No skal det seiast at heile brevvekslinga mellom dei to kan lesast i biografibolken av Mørkets sangerske, kommentert og sett inn i sin samanheng av biograf Vold. Og for dei som kjenner godt til Hofmos dikting, er det få overraskingar å finne i Gunvor Hofmos Prosa ettersom dei aller fleste tekstane står å lese nettopp i blandingsboka Mørkets sangerske.

Så kanskje det ligg ei overrasking på lur her likevel: I nye språklege omgivnader står tekstane fram som annleis, og ein blir ettertrykkeleg klar over at Hofmo også kan skrive sakprosa så vel som prosaiske fiksjonstekstar. Særleg er litteraturkritikken markant og tydeleg, reisebreva frå Pairs er rikt informative og samstundes personlege og eit par av novellene kan absolutt forsvare ein plass i norsk novellekanon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement