Historisk samarbeidsprosjekt
Beyoncés sjuande studioalbum er ei lærebok i samplekultur, ei lekse i klumsete ordval og ei sabla god skive.
Produsenten Diane Warren fekk gjennomgå då ho twitra si forundring over at 24 personar er krediterte som låtskrivarar på «Alien Superstar» frå Beyoncés nye album, Renaissance. Internettlivet er hardt, men vi andre kan jo ta til oss lærdomen, som er at det ofte er mange som bidreg til eit verk, og at originalitet er ein illusjon. Sjangrar, stilar(tar), vitskap, teknologi, idear – alt er i stadig, gradvis utvikling.
Dei 16 songane låner frå 21 namngjevne kjelder og har alle flust med låtskrivarkrediteringar. Plata fungerer som ei innføring i samplebasert og elektronisk dansemusikk frå det siste halve hundreåret: «Summer Renaissance» byggjer til dømes på ei sampling frå Donna Summer-låten «I Feel Love» frå 1977. Renaissance blir presentert utan avbrekk mellom låtane, lik ein DJ-miks, og resultatet er ein svært variert, men likevel hundre prosent heilskapleg musikalsk tur gjennom overlappen mellom forskjellige stil- og avartar av house med R&B, soul, funk, dancehall, disco og hyperpop. Mellom anna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.