JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Historia om tanken om å lære av historia

Anne Eriksen har skrive ei spennande, lettlesen og djupt­pløyande kunnskapshistorie med framdriv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3766
20200821
3766
20200821

Sakprosa

Anne Eriksen:

Livets læremester. Historiske kunnskapstradisjoner i Norge 1650–1840

Pax Forlag

Dei siste tiåra har forståinga av kva for ei rolle tidleg-moderne tid spela i moderne norsk kulturforståing, auka monaleg gjennom arbeid i mange fagdisiplinar, med eit nytt blikk på kva rolle utbreiinga av skriftkulturen har hatt. Anne Eriksen har vore av dei som har drive denne fagutviklinga fram. I ein serie bøker og artiklar har ho analysert topografisk litteratur, antikvarisk gransking og utviklinga av ei moderne historieforståing. Vi vert merksame på implisitt og open kritikk av gjengse forståingsmåtar, som driv fram nye oppfatningar om kva som er framsteg, og kva som ber ei framtid i seg.

Overraskande grep

Eriksen utviklar her emne og forfattarskap ho tidlegare har teke opp, men driv diskusjonen vidare. Vi møter dels kjende personlegdomar, som Absalon Pederssøn Beyer, Ludvig Holberg, Gerhard Schøning, Ove Malling og dels slike som har fått mindre merksemd, til dømes Jens Lauridsen Wolf, Hans Lilienskiold, Jonas Ramus, Gerhard Treschow og tidsskriftet Urda (i Bergen). Når vi går sikksakkgangen mellom dei vidgjetne og dei gløymde, ser vi heilt andre trekk enn kva som har vore oppsummert og vedteke i eldre oversynsarbeid. Vi vert med på prosessen i «oppdagingas logikk»: korleis ein lærer seg å observere systematisk og stille spørsmål til materialet.

Historieskrivinga lausreiv seg frå den retoriske exemplum-tradisjonen, der historiske døme er moralske føredøme til etterfylging (typisk hjå Ove Malling, men òg dei fleste av dei tidlege historieskrivarane). Den religiøst prega frelseshistoria med kronologi frå Adam og skapinga vert omdanna til vurderande, kriteriesøkjande og kritisk-analytisk tenking basert på kjeldegransking og studium av historiske spor frå arkeologi og arkitektur.

Eriksen gjer overraskande grep. Slik vert boka ei oppdagingsferd, med friske blikk på det ein god del humanistar truleg har rekna som fråseggjort slagg ein kunne gløyme. Under Eriksens hender og i hennar blikk vert historiografien om for lengst gløymde historiske perspektiv og vurderingar til eit spennande og opnande intellektuelt kart over kva som låg til grunn for sjølvforståinga i moderniteten. Rett som det er ser vi også at der er spørsmål «dei gamle» stilte seg, som det kan vere verdt å tenkje over på nytt.

Inspirerande

Vi får greie på den retoriske bakgrunnen for tidleg historieskriving, irekna bruk av litterære kjelder som bibelsoge og etter kvart sagalitteratur og europeisk sogeskriving om dei store kongedømma og keisarrika. Frå å godta «prefigurerte», altså på-førehand-forma mønster, gjerne av religiøse eller politiske slag, går historiegranskarar med ulike materielle og ideelle interesser over til å undersøkje om etablerte førestillingar i det heile held vatn. Ei slik ny forståing av tilhøvet mellom fortid, notid og framtid for granskaren så vel som for medborgaren oppstår gjennom eit omfattande arbeid frå kjende og ukjende, lærde og mindre lærde, kompilatorar (samlarar og samanskrivarar) og originale forfattarar.

Livets læremester vil truleg inspirere andre til å gjere nytt arbeid. Vi kjenner framleis ikkje godt nok til kva for ei oppsedande eller kulturdidaktisk rolle vitskaplege framstillingar av kultur, samfunn og historie har hatt i ålmenta. I ovundring takkar eg for det storfelte tilskotet Anne Eriksen gjev til ny forståing, og for ein skrivemåte som gjev leseglede.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Denne boka vil truleg inspirere andre til å gjere nytt arbeid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis