Historia om tanken om å lære av historia

Anne Eriksen har skrive ei spennande, lettlesen og djupt­pløyande kunnskapshistorie med framdriv.

Publisert

Sakprosa

Dei siste tiåra har forståinga av kva for ei rolle tidleg-moderne tid spela i moderne norsk kulturforståing, auka monaleg gjennom arbeid i mange fagdisiplinar, med eit nytt blikk på kva rolle utbreiinga av skriftkulturen har hatt. Anne Eriksen har vore av dei som har drive denne fagutviklinga fram. I ein serie bøker og artiklar har ho analysert topografisk litteratur, antikvarisk gransking og utviklinga av ei moderne historieforståing. Vi vert merksame på implisitt og open kritikk av gjengse forståingsmåtar, som driv fram nye oppfatningar om kva som er framsteg, og kva som ber ei framtid i seg.

Overraskande grep

Eriksen utviklar her emne og forfattarskap ho tidlegare har teke opp, men driv diskusjonen vidare. Vi møter dels kjende personlegdomar, som Absalon Pederssøn Beyer, Ludvig Holberg, Gerhard Schøning, Ove Malling og dels slike som har fått mindre merksemd, til dømes Jens Lauridsen Wolf, Hans Lilienskiold, Jonas Ramus, Gerhard Treschow og tidsskriftet Urda (i Bergen). Når vi går sikksakkgangen mellom dei vidgjetne og dei gløymde, ser vi heilt andre trekk enn kva som har vore oppsummert og vedteke i eldre oversynsarbeid. Vi vert med på prosessen i «oppdagingas logikk»: korleis ein lærer seg å observere systematisk og stille spørsmål til materialet.

Historieskrivinga lausreiv seg frå den retoriske exemplum-tradisjonen, der historiske døme er moralske føredøme til etterfylging (typisk hjå Ove Malling, men òg dei fleste av dei tidlege historieskrivarane). Den religiøst prega frelseshistoria med kronologi frå Adam og skapinga vert omdanna til vurderande, kriteriesøkjande og kritisk-analytisk tenking basert på kjeldegransking og studium av historiske spor frå arkeologi og arkitektur.

Eriksen gjer overraskande grep. Slik vert boka ei oppdagingsferd, med friske blikk på det ein god del humanistar truleg har rekna som fråseggjort slagg ein kunne gløyme. Under Eriksens hender og i hennar blikk vert historiografien om for lengst gløymde historiske perspektiv og vurderingar til eit spennande og opnande intellektuelt kart over kva som låg til grunn for sjølvforståinga i moderniteten. Rett som det er ser vi også at der er spørsmål «dei gamle» stilte seg, som det kan vere verdt å tenkje over på nytt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement