Himmel og hav i kvar pyttSunde lèt sitt livs drama bli spegla i mange, små flater. Det har blitt ein diamant av ei bok.

Sunde lèt sitt livsdrama bli spegla i mange, små flater. Det har blitt ein diamant av ei bok.

Ole Robert Sunde har skrive den mest tilgjengelege boka til no.
Ole Robert Sunde har skrive den mest tilgjengelege boka til no.
Publisert

Ein eldre mann går ut for å kjøpe sushi medan kona ventar heime. Vanlegvis ville ei slik hending ikkje gitt litterært stoff til meir enn eit dikt eller ei kort novelle. Men når mannen er Ole Robert Sunde, stiller saka seg annleis. Etter at porten til bygarden på Bislett i Oslo har slått igjen bak han, legg han først merke til korleis hinna på vatnet i ein pytt blir uklar av rørsler i bakken. Han ser mot antikvariatet over gata og tenkjer på ei bok han vil ha. Ein nabo dukkar opp og gir han assosiasjonar til ei bok av Imre Kertész. Så her nyttar det ikkje å vere utolmodig. Til gjengjeld går det raskt både hit og dit i språket og tanken. Det myldrar og sildrar i alle retningar på éin gong, og innimellom gnistrar det til, ofte morosamt og ofte trist.

Tankeflukt

Med Penelope er syk har Ole Robert Sunde skrive si mest tilgjengelege bok så langt, men det betyr ikkje at ho manglar finesse – tvert om. Ta berre smussomslaget: Det viser eit teikna skjermbrett av noko som liknar kinesisk redwood. Dei stjerneforma utskjeringane fangar merksemda og gjer meg nysgjerrig på kva som skjuler seg bak. Dei mange skildringane av nære detaljar i teksten fungerer på same måte for det eksistensielle dramaet tittelen viser til; at kona er alvorleg sjuk.

Sidan Ole Roberts Sunde miste kona si i fjor, er det nærliggjande å lese romanen som eit portrett, ikkje berre av forfattaren, men av kven kona var for han og kven han var saman med henne. Stadig kjem han attende til slikt ho har sagt, sams erfaringar, og, etter kvart, livet i sjukdomsperioden. Under alt han observerer, assosierer, resonnerer og fantaserer om ligg spørsmålet: Korleis vil livet bli når ho ikkje lenger er der når han kjem attende frå tankefluktene sine?

Referansen til Penelope, kona til Odyssevs, viser også til at romanen er komponert som ei spegling i miniatyr av Odysseen av Homer. Der Odyssevs var i krig og på reise i 20 år før han kom heim, går vår helt ein tur på nokre hundre meter som kanskje tek ein halvtime. Den verkelege reisa skjer likevel i tankane og strekkjer seg over eit ekteskap, eit liv, ja, over tusenvis av år bakover i historia og fram mot alt ein kan fantasere om og undre seg over. Den vesle utflukta blir ein pytt som både kan spegle himmelen og skjule mykje under yta.

Musikalsk dynamikk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement