Film

Her er den vakraste filmen du vil sjå i år

Ein sommar i Italia er ramma for dette sanselege, romantiske og rørande dramaet.

Elio (Chalamet) og Oliver (Hammer) finn kvarandre.
Elio (Chalamet) og Oliver (Hammer) finn kvarandre.
Publisert

Call Me By Your Name er historia om to unge menn som utviklar eit romantisk forhold. Det er også ei historie om oppvekst, utforsking og oppdaging.

Handlinga er lagd til ein villa i Nord-Italia i byrjinga av åttitalet. Huset tilhøyrer eit elskverdig akademisk ektepar og den 17 år gamle sonen deira, Elio (Chalamet). Kvar sommar inviterer dei ein lovande student til huset. Filmen opnar med at Oliver (Hammer), ein mann i midten av tjueåra, stig ut av taxien som familiens nye sommargjest.

Elio er gravitasjonspunktet i filmen. Vi ser Olivers framkomst frå hans synsvinkel. Vi ser lysta, lengten, sjalusien og skamma i han. Vi ser han tvile og gråte. Vi ser at foreldra ser kva som skjer med han. Og vi ser at dei er gode foreldre. Det sterke blikket for dei små, mellommenneskelege detaljane er noko av filmtriumfen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement