Bok

Hemnen

Tone Myklebusts herlege skråblikk skaper tekster med godt driv.

Tone Myklebust debuterer som skjønnlitterær forfattar med novellesamlinga.
Tone Myklebust debuterer som skjønnlitterær forfattar med novellesamlinga.
Publisert

«Den beine linja mot mål finst ikkje. Om du tenker aldri så positivt, trener beinhardt, et sunt, er snill og grei og utviser takksemd mot verda: Livet kjem ikkje planert og med kunstgras. Du har ikkje kontroll.» Dette står å lese i tittelnovella i den nye boka til Tone Myklebust, som tidlegare har skrive for barn. Sitatet kan stå som eit credo for heile novellesamlinga.

Samlinga består av elleve ganske korte noveller. Felles for dei er det litt skeive blikket på aparte personar som i for stor grad lever i si eiga boble. Det er både skarpt og underhaldande, og dei beste tekstane er verkeleg gode.

Ut av kurs

Felles for menneska i Myklebusts tekster er at dei lever litt på sida av samfunnet eller litt på sida av seg sjølv – eller båe delar. Mange av novellene er fortalde i eg-form, noko som avslører diskrepansen mellom den indre røynda og den ytre. Her er mykje einsemd, sterkt skildra i «Det blir nok torever», om førtitoåringen som ikkje tar sjansen på kontakt eller selskap, og meir humoristisk i nettdatingfarsen «Neste fredag». Språket er stramt og skore inn til beinet, med mange gode og presise ordbilete.

Opningsnovella «Hundemann» er den klart sterkaste i samlinga, med tittelnovella som ein god nummer to. I soga om hundemannen tar Myklebust det bisarre og skeive heilt ut i ei stilsikker novelle som eg las med skrekkblanda fryd. Det metaforiske og det røynlege glid her saman i ein heilstøypt tekst om eit par som har levd saman ei stund. Ho er særs dominerande, og han er ein hundemann: «Ho har han i band», som det står i opningssetninga. Han vaskar seg ikkje lenger og må bu i garasjen. Når dei skal på førjulsmiddag til foreldra hennar, pissar han i hagen, og etter det er det «point of no return». I ei lita, men tydeleg scene får vi også krystallklårt demonstrert opphavet til mønsteret med «hundemann» og «eigar». Det er både attkjenneleg og herleg absurd.

Novella «Det stoppar ikkje her» handlar vel i botn og grunn om å kjenne seg tvinga til å vere hyggeleg når ein for lengst har fått nok og inst inne vil slå. Hovudpersonen er frå før pressa opp i eit hjørne, og når ho møter ei ho slett ikkje vil snakke med på kafé, endar ho med å ta ut den indre frustrasjonen på eit uskuldig menneske, i ei tekst som både overraskar og er herleg rå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement