Helvete i heimen

Sunniva Lye Axelsen skriv stramt og fortetta om vald i nære relasjonar.

Sunniva Lye Axelsen gav ut sin første roman i 2011 og ein ny alt i 2012. 
Publisert

Også i tidlegare utgivingar har Sunniva Lye Axelsen skrive om «kvardagsmenneske» med store drama inne i seg. I Johanne den vanvittige møter vi ei handfull personar på ein liten stad sør i landet, ei bygd eller ein tettstad der «alle kjenner alle», men der ingen eigentleg veit kva som hender inne i dei tilsynelatande idylliske skipperhusa. 

Vi som gjennom romanen får vere fluge på veggen, lærer om gjerningar som naboar og sambygdingar lukkar auga for.

Som tittelen indikerer, handlar romanen om ei kvinne det rablar for. Men Johanne er ikkje den einaste som slit her. I sentrum for handlinga finst fleire som har ei psykisk helse som ligg og vippar mot det sjukelege. Johanne speler galskapen sin ut i form av sjalusi for open scene og for heile bygda. Ho forfølgjer alle som ho meiner har for tett kontakt med ektemannen, Hilmar.

Jesper Eriksen, den andre karakteren vi kjem tettast på, tar vanvitet ut innanfor veggene i heimen, som terror mot dei næraste. Både kona og sonen Philip får varige mein.

I dette vesle, tette miljøet går relasjonane på kryss og tvers. Philips kjæraste er sjukepleiar og Jespers doplangar. No planlegg ho ein utspekulert hemn mot jævelen av ein svigerfar.

Livsløgna

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement