Bok
Heilstøypt
Stein Torleif Bjella fiskar ikkje etter lesarens gunst, men gjett om vi sit på kroken.
Stein Torleif Bjella er musikar og rimsmed. I 2017 debuterte han med ei diktsamling.
Foto: Baard Henriksen
Onkel Ivar Helgesson Aal og nevøen Jon Aslesson Aal er på ei vekes haustfiske. Tilårskomne og skrale Ivar vil at Jon skal ta over fiskevatnet Storsenn, og då lyt han lærast opp. Denne upraktiske musikar-lærar-nevøen må vite noko om systemet å setje garn etter, om naturbalansen, om å ikkje bli for grådig, om gytinga, om korleis lage rakfisk av fangsten, om korleis ro rett, og om kvifor aldri sjekke vêrmeldinga. Etter dagens fiskeøkter på Storsenn sit dei saman i Fiskehuset, ikkje alltid like takksame for kvarandre sitt selskap. Ivar er belærande, Jon nærtakande.
Oversiktleg univers
Romanen til Stein Torleif Bjella vekslar mellom notids- og fortidsplanet. Det er Jon som fortel, og når han ikkje opnar døra for oss inn til Fiskehuset, der karane drikk pulverkaffi og småkjeklar, fortel han om fortida. Om eit par damer han nesten har hatt. Om mor si, og om far Asle, som var bror til Ivar. Om den tredje broren, Torleif.
Det er eit oversiktleg univers Bjella gir oss, ikkje mange personar å halde styr på. Då kan forfattaren til gjengjeld gå tettare på hovudsituasjonen: dei to på haustfiske. Ikkje berre vil Ivar lære Jon om det praktiske knytt til denne staden, han er skamlaus nok til òg å fortelje han eit og anna om musikk: «Ditt spel er utadvendt og kunnskapslaust. Ein forskrekkeleg kombinasjon.»
Når Jon blir fôra med nyttig (og mindre nyttig) informasjon om slekt, fisk eller livet generelt, heiter det ofte: «Skriv ein song om det du, Jon.» Som i: «Mykje heller det enn det vaset du lagar frå før.»
Kan hende ein kan vere einig med Ivar òg, utan å ha høyrt musikken til Jon, men to av titlane heiter «Singel i fylla» og «Aleine på Kafé Vener».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.