Bok

Heilstøypt om omsorgssvikt

Marieke Lucas Rijneveld borar djupt i barnesinnets labyrintar.

Marieke Lucas Rijneveld fekk den internasjonale Booker-prisen i 2020.
Marieke Lucas Rijneveld fekk den internasjonale Booker-prisen i 2020.
Publisert

Når ein debutant fødd i 1991 vinn International Booker Price for 2020, er det truleg snakk om ein sensasjonelt god, høgst original og gjennomført tekst både språkleg og tematisk. Etter å ha lese Kveldens ubehag av nederlandske Marieke Lucas Rijnevald skjønner ein at dette var eit klokt val. Romanen kom på nederlandsk i 2018.

Strengt religiøst miljø

Det handlar om familien Mulder og om oppvekst i eit strengt religiøst miljø på den nederlandske landsbygda, der fire søsken fort blir redusert til tre når storebror Mathies går gjennom isen og druknar. Den lammande sorga og det saknet alle kjenner på, blir det traumet dei drar med seg vidare, for ingen ting blir snakka om, alt blir skyvd til sides eller bortforklart med bibelord og Guds vilje.

Forteljaren er tiåringen Jas, som observerer familien ut frå dei røynslene og den kunnskapen ho har. Dette barneblikket gjennomlyser og formørkar på same tid, for ho har inga makt til å endre eller snu på det ho kjenner er heilt feil: at mora blir tynnare og tynnare, at foreldra knapt snakkar saman, at faren vil reise frå dei, at det heng eit reip på låven, at det går an å hoppe frå fôrsiloen. Saman med søstera Hanna legg Jas planar om å reise til den andre sida, kva no det måtte innebere. «I tillegg til mat og klær, trenger vi oppmerksomhet», tenkjer Jas, mens faren seier: «Vi er i verden, men ikke av verden.»

Omsorgssvikten i familien blir lagd merke til både på skolen og i landsbyen, og når Jas nektar å ta av seg jakka etter at broren drukna, blir dette eit samtaleemne som også kjem faren for øyre. Når han som familiens patriark grip inn, går han samtidig over dei grensene Jas har for sitt eige liv, og sluttscenen lyser av fortvilt avmakt.

Eineståande skildring

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement