Musikk
Heilstøypt av Potter
Det finst ikkje mange moderne tradisjonsberarar som denne kvartetten.
Chris Potter er ute med den tredje ECM-plata sidan The Sirens kom i februar 2014. Innspelinga er med kvartetten han for tida reiser rundt med, og det høyrest. Plata viser fram dei fleste fasettar ved kvartetten, men dette er først og fremst ei oppvising i lyrisk eleganse.
David Virelles frå Cuba er også kjend frå samarbeid med Tomasz Stanko, Henry Threadgill og Jane Bunnett. Sjølv om han slepper til som solist innimellom, på uvanleg originalt vis i «Yasodhara», til dømes, er det hovudsakleg rolla som tenksam og lydhøyr akkompagnatør Virelles fyller på denne plata. Det gjer han til gagns.
Bassist Joe Martin og trommeslagar Marcus Gilmore (barnebarnet til Roy Haynes) taklar på eksellent tandemvis alle utfordringane i Potters musikk. Med så mykje av stoffet i balladetempo blir fargeleggingsevna sett på prøve, men i delar av repertoaret er tempoet høgt og temaet og rytmikken intrikat. Dette sjenerer kompet lite; det svingar like leikande lett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.