Musikk

Heilskapleg tenkt

Arnfinn Langesæter syner kompositorisk teft.

Frå venstre: Kjetil Jerve, Øystein Aarnes Vik, Arnfinn Langesæter, Mathias Marstrander og Erlend Albertsen.
Publisert Sist oppdatert

Arnfinn Langesæter debuterer som plateartist med Koloni. Han kjem frå Lofthus i Hardanger, og etter avslutta studiar ved Griegakademiet har han hatt Oslo som base. Dei sju komposisjonane er alle signerte Langesæter og har ein del fellesnemnarar, mellom anna står det meditative og det melodiøse høgt i kurs.

Langesæter kombinerer inspirasjon frå post-Coltrane-uttrykk slik ein kan finna det hjå så pass ulike stilskaparar som Pharoah Sanders, Gato Barbieri og Charles Lloyd, med ein nordisk folkemusikalsk dåm. Det meditative blir forsterka gjennom ei minimalistisk utvikling av groovar og repetisjonar. Solistisk er Langesæter tydeleg inspirert av nemnde Lloyd.

Kvintetten er varsam med å gjera noko som kan bryta den meditative idyllen. Kjetil Jerve og Mathias Marstrander tilfører det perfekte harmoniske og klanglege underlaget. Kombinasjonen tenorsaksofon, pedalsteel og piano fungerer spesielt bra. Erlend Albertsen og Øystein Aarnes Vik driv det heile framover med tilbakehaldne groovar.

Det som er musikkens styrke, er også veikskapen. Kontrastane manglar. Musikken «ber om» at det blir gjort nokre kollektive freistnader på å sprengja grenser, utfordra idyllen, og på «Snau rakkar» er kvintetten definitivt på veg, men det blir ikkje heilhjarta nok.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement