Musikk

Heilag gral

Kunst er å velje bort. Med Nebraska ’82 viser Bruce Springsteen kvifor han gjorde det riktige valet alt i 1982.

Der er han. Åleine i seg sjølv. I trappa. Bruce Springsteen. I 1982.
Publisert Sist oppdatert

I filmen Indiana Jones og det siste kors­toget søkjer den noko uortodokse arkeologen den heilage gralen. Fleire flotte beger står framfor han til slutt, men Indiana Jones vel ikkje eit av dei forgylte og skinande.

Han vel den enkle, av tre, begeret til sonen av ein snikkar. Det skal vise seg å vere eit godt val. Nazistane som følgjer han, tenkjer som skjora, tek det som blenkjer mest, og vert til støv.

Etter suksessen med The River var Bruce Springsteen sliten. Han nærast isolerte seg i heimen sin i New Jersey og laga demoar. Berre han, gitaren, munnspelet og nybrotsteknologien firesporssopptakar. Tanken var å spele inn musikken med E Street Band. I staden valde han bort bandet og gav ut heimeinnspelingane som Nebraska, eit akustisk og nært album, ein framand fugl i eit 1982-landskap av synthpop. Kanskje Springsteens sterkaste album som forteljar og formidlar.

Etterpå laga Springsteen og bandet Born in the U.S.A., og ingenting, korkje Springsteen eller USA, vart nokon gong som før.

I boka Deliver Me From Nowhere, utgangspunktet for filmen med same namn som har premiere neste veke, kallar forfattaren Warren Zanes Nebraska eit holemåleri i fotografiets tidsalder. Det er ikkje produsentkreditering på plateomslaget. Det var ingen produksjon.

Eit stadfesta rykte

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement