Musikk

Heil ved

Trine Harbak kjem med ein debut verd å notere seg.

Trine Harbak har skrive ei vise kvar veke sidan i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Visegruppa Ottar er eit bandnamn ein ikkje gløymer så lett. Sjølv blei eg merksam på trondheimsduoen då dei fekk med seg Moddi på antikrigslåten «Snille bomba» i fjor haust. Det er framleis den einaste songen Visegruppa Ottar har ute på strøymetenester. Her er eine halvdelen, Trine Harbak, på eiga hand med eit heilt album.

I fjor sette Harbak seg nemleg som mål skrive ei vise kvar veke. Ho gav seg ikkje før ho var langt over 50. Moglegvis var det nærmare 60.

Slike tal er uansett meir interessante for dei meir revisororienterte. Me andre kan glede oss over at ti av desse har blitt til ein solid debut med ei klassisk kjensle av stille.

Da æ va av skog er akkurat så naturleg, i dobbel forstand, kviskrande var at albumet nærast fell utanfor det ein tenkjer er høveleg å høyre digitalt. Sjølv med antydingar til tangentar, bass og milde trommer er det sjeldan eit nytt album så tydeleg krev å verte lytta til frå ein platespelartallerken, i den forstand at det er lågmælt intenst og larmande utan å heve stemma.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement