Bok

Heidis gåtefulle systrer

Mona Høvrings forteljing er meir punkt enn linje.

Romanen til Mona Høvring kan tolkast i meir enn éi retning.
Romanen til Mona Høvring kan tolkast i meir enn éi retning.
Publisert

Mona Høvring er kanskje først og fremst poet. Også når ho skriv prosa, har ho denne leikande og nyskapande innstillinga til språket som er typisk for kløktige lyrikarar. Tekstvevnadane hennar er fulle av opne og skjulte litterære førelegg. Ho skriv uutgrundeleg litteratur med rik symbolikk, soger som alltid overraskar. Når du trur du «har» henne, blir historia straks ei anna. Slik er det òg i årets bok. Denne korte romanen med det lange og kryptiske namnet vrir seg unna og nektar å bli halden fast i éi tolking, meininga skiftar etter kva vinkel du ser henne frå.

Aleine saman

To systrer i byrjinga av tjueåra er på eit rekonvalesensopphald på ein stad som er noko midt i mellom høgfjellshotell og kurstad. Det vil seie, det er eit hotell i den norske fjellheimen, men i hovudet på forteljaren i boka, Ella, er dei like mykje i Alpane på eit av desse klassiske kurbada som litt eldre litteratur har mange av. Omgjevnader og personar har eit stilisert preg, og det sveitsiske og austerrikske ligg både over og under forteljinga. Ella har lese både Johanna Spyri og Stefan Zweig. I tillegg ligg Trolldomsfjellet av Thomas Mann der som ein ikkje-uttalt undertekst og dirrar. Ella og Marthas verd har ein sterk dåm av noko trolsk og ikkje-realistisk.

Ella har fått i oppdrag å passe på systera Martha, som har hatt eit samanbrot. Det blir ikkje heilt enkelt. Tilhøvet mellom systrene er ganske spent, men òg kjærleiksfullt. Slik det jo gjerne er mellom nærskylde, er relasjonen prega av ei rekkje motsetnader: avstand og nærleik, tiltrekking og avsky, beundring og forakt. Undervegs i historia byrjar lesaren å undre på om det kanskje er ho som fortel, som ikkje er heilt god i nervane, og som meir enn systera treng ettersyn. Kven passar eigentleg på kven her? Og kva vil det seie å «passe på» – kva er skilnaden mellom å setje gode og sunne grenser og å sperre einannan inne? Korleis finn ein grensene mellom seg sjølv og andre? At dette er viktige tema i romanen, er understreka ved at også mora – og i mindre grad faren – til systrene ofte er til stades i tankane og lengten deira. Systrene står på spranget ut i det forvirrande vaksenlivet, dei skal finne sin eigen veg og nye viktige relasjonar, finne ut av korleis ting heng saman. Noko som er langt meir krevjande enn fjellklatring.

Potent prosa

Viktigare enn historia og korleis ho utviklar seg, er språk og stemning. Høvrings augeopnande og forunderlege metode er heilt hennar eigen. Boka er bygd opp av episodar som kunne ha stått for seg sjølv. Sjølv om her òg finst ei narrativ line, er Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg ble født aller mest utrykk for tilstandar og tilhøve. Her er mange glimrande setningar, originale og lada med meining, i eit forsøk på å «sette sammen virkeligheta slik at den blir fattbar, i det minste for oss sjøl». Når Ella ei kort stund kjenner seg fri etter å ha tatt inn over seg dødens «frydefulle ondskap», kjenner ho: «ei lett tyngde, som om jeg bar på ei diger porøs og nesten vektlaus steinblokk».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement