Heidenske heltinner
Camerata Köln framfører Telemanns fem antikke kvinneportrett.
Det tyske ensemblet Camerata Köln.
Foto: Sven Cichowicz
CD
Georg Philipp Telemann:
Six Quatuors ou Trios 1733
Camerata Köln. CPO 2024
I sjølvbiografien sin frå 1718 presiserte Georg Philipp Telemann (1681–1767) kor viktig det er å skriva idiomatisk for ulike instrument. Om ein komponerer musikken likeins for orgel som for tverrfløyte, til dømes, vil resultatet ikkje berre bli vanskeleg å spela for utøvaren. Det karakteristiske ved klangen til dei einskilde instrumenta vil heller ikkje koma skikkeleg fram. Men sjølv om han var god til å skriva idiomatisk – han skal ha kunna hanskast med mest alle instrumenta i samtida – var han òg god til å komponera stykke som høver like godt på mange ulike instrument.
Skarp tunge
Døme på kammermusikk der utøvarane sjølv kan velja instrumenttype, men det likevel kling som om musikken er mynta på akkurat dette instrumentet, finn me på Camerata Kölns nye Telemann-album Six Quatuors ou Trios. Musikarane spelar her friskt og frydefullt, og den avvekslingsrike instrumentasjonen gjer lyttinga til ein fest.
Spesielt fint kjem den fargerike instrumentbruken fram i det siste verket på plata, som trass i den sterile tittelen Introduzione a tre (introduksjon for tre) er som ein liten opera. Etter ein innleiande ouverture gjev Telemann oss nemleg ei rekkje med fem instrumentale karakterportrett av kjende kvinner frå antikken.
Fyrst ut er Xantippe («Presto», spor 25). Denne stridslystne og skarptunga kona til Sokrates blir skildra i rustikt galopperande rytmar, kanskje sidan «xantippe» tyder blond hest på gresk. Så kjem Lucretia («Largo», spor 26), den romerske kvinna som gjorde sjølvmord etter å ha blitt valdteken av kongssonen Sextus Tarquinius, noko som førte til at kongane blei jaga frå Roma. Den tragiske lagnaden hennar blir av Telemann skildra med den langsame, høgverdig skridande dansen «sarabande».
Lucretias sjølvdrap, måla av Rembrandt i 1664.
Aeneas’ svik
Den heimekjære greske diktaren Korinna («Allegretto», spor 27) får lystig, folkeleg fløytespel som musikalsk attributt, medan den romerske heltinna Cloelia («Spirituoso», spor 28) blir teikna med bølgjande triolrørsler i melodistemma, dette i form av den kvikke dansen gigue. Bølgjene er Tiberens, elva ho sumde over for å redda seg etter å ha blitt teken som gissel av etruskarkongen.
Mest karakteristisk er likevel Telemanns framstilling av Dido (spor 28) i sistesatsen, som vekslar brått mellom tristo- og disperatoparti. Komponisten får slik fram tungsinnet og desperasjonen som herja i denne afrikanske dronninga etter helten Aeneas’ svik – noko som dreiv henne til sjølvmord på Aeneas’ sverd.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø