Musikk

Havet, gravplassen og skjenkjestova

Lankum gjer sin eigen bekmørke vri på folktradisjonen.

Brørne Ian og Daragh Lynch (t.v.) har fått med seg Radie Peat og Cormac MacDiarmada i Dublin-bandet sitt.
Brørne Ian og Daragh Lynch (t.v.) har fått med seg Radie Peat og Cormac MacDiarmada i Dublin-bandet sitt.
Publisert

Vi har ikkje komme meir enn tre–fire verseliner inn i False Lankum, vårens nye plate frå Dublin-bandet Lankum, før vi er framme ved den første gravsteinen, i «Go Dig My Grave». Han er i marmor og tilhøyrer ei jente som i djup kjærleikssorg ikkje har sett nokon annan utveg enn å gjere ende på livet. Som sitt siste ønske bestemmer ho si eiga gravskrift og ber om ei snøkvit due «to tell this world that I died for love».

For lyttarar som graviterer mot musikk som trekkjer vekslar på den mørkare delen av folktradisjonen, bør Lankum passe godt, for denne opninga er ein god indikasjon på kva landskap vi er på veg inn i. Brørne Ian og Daragh Lynch dreiv opphavleg med ganske så hardbarka punk, men då dei fekk med seg Cormac MacDiarmada og Radie Peat for å lage musikk, var det for å gjere sin eigen vri på folken (først under bandnamnet Lynched i 2014, då dei gav ut Cold Old Fire).

Morbiditet

The Livelong Day kom ut i 2019, heitte bandet Lankum, og det var til jubel frå mellom andre The Guardian, som likte måten dei arrangerte gamle travarar på – som drikkevisa «The Wild Rover», kjend frå versjonar av til dømes The Dubliners og The Pogues – og gjorde dei til noko heilt nytt, langt råare og spissare.

Med False Lankum held dette arbeidet fram, og musikken framstår som skarpare enn nokosinne. Før du har gjort deg ferdig med dei tolv songane, har mangt skjedd ute på det store, mørke havet, og det har vore naudsynt å finne vegen til gravplassen meir enn ein gong til.

Det går ei åre av morbiditet gjennom songane Lankum likar å løfte fram. I «The New York Trader» får vi høyre om ein skipskaptein som ikkje har dei beste planane for mannskapet sitt, for å seie det mildt. Som om ikkje det var nok, har han også nokre skikkeleg stygge synder på samvitet – stygge nok til at det til slutt ber rett i sjøen med han. Så stilnar havet, og det ber vidare til «Amerikay».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement