Hauge-dagbøkene: 23. januar 1965
Teikning: May Linn Clement
Det slær ein når ein les Stagnelius kor stort spenn hans ånd hadde, og kor djerv boge han gjorde, og det i sitt stutte liv. Dei største spursmål eit menneske kan møta, såg han modig i augo. Um han løyste dei, kan eg ikkje segja noko um, han laut vel finna seg i å forsona seg med den umogelege lagnaden, han som andre.
Han kjende tidleg «den svarta orons dämon som följer allas ljåt». Her liknar han Nerval og Baudelaire. Frå ungdomen påverka av kristendomen, og seinare ved studiar av gnosticismen og urkristendomen og mystikarane fram gjenom tidene, stod han til slutt, som mange andre, framfor spursmålet um ikkje heile religionen og metafysikken i grunnen var eit svik, draumar bygde av ei fortvila ætt.
Det er beisk røynsle og tunge stunder. Og eit einsleg menneske stend truga av åndeleg død. «– – denne oplevelsen er menneskeåndens Gethsemane, innvielsen til den fullkomne ensomhet og forlatthet, til den tilstand da enhver fadertanke og opphavstro virkelig har forlatt oss, da vissheten om et hjem også for sjelen og ånden i oss virkelig er utslettet,» skriv Brynhildsen i essayet um Stagnelius.
Kanskje denne tilstanden er «sjelens mørke natt», som Johannes av Krossen kallar han. Det er vel denne tilstand Nerval har gjeve oss ein tokke av i sonettane «Le Christ aux Oliviers». Baudelaires «Le Gouffre» kan ein nemna i denne samanhengen, der Pascal er startpunktet. Han, veit me, greidde yvervinna tvilen og venda attende til si barnetru. Men han stod òg andlet til andlet med tomleiken og botnløysa.
Skulde eg nemna meg sjølv her, gjekk min gang frå tru til platonsk Wergelandstru i ungdomen til Russell og hans likar etter tjugeårs alderen. Etter 35-års alderen byrja leitingi atter, grundigare, gjenom mystisk religion; til slutt, etter 50-års alderen, svinga eg yver til ei resignert, ventande, veit-ikkje stilling.
Det ser ut til at Ekelunds heltemod er det einaste som kan halda ein uppe. I dikti mine trur eg denne lina kan lesast av.
Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement