Litteratur

Hauge-dagbøkene

10. juli 1966: «Raserianfall, utfall mot fiendar og vener. Sov i potetkjellaren for stråler, straumen var sterk. Fælt sterk.»

Publisert

Siste dagane har eg gjenge gjenom ein del avisor. Mykje har hendt sidan eg slutta å fylgja med her i vår. Eg gjeng ut i frå at det var i midten av mai eg fekk desse anfalli og var burte i mi eigi verd.

Det er um lag 5 år sidan sist, mot jol 1960 og utyver vinteren 1961, då eg var på Valen sist. Det ser ut til å gå 5 år millom kvar bya. Alltid det same! Same tankane, same tilstanden.

Denne gongen arbeidde eg lenger enn eg plar gjera. Kva eg fekk gjort, veit eg ikkje med vissa. Kanskje det var fyrst i mai eg slutta å arbeida? Rimeleg, eg veit ikkje visst. Det hende mange ting her. Eg knuste eikestolen, slo sund lampeskjermar av hardt porselen med knyttnevane. Til all lukke skar eg meg ikkje sund. Men handi var fælt troti etterpå.

Raserianfall, utfall mot fiendar og vener. Sov i potetkjellaren for stråler, straumen var sterk. Fælt sterk. Åndene, levande og døde, tala og viste seg. Og maten? På slump. Til folket mitt tok til å bera mat til meg. Eg protesterte, bad for meg, sa eg skulde hjelpa meg sjølv.

For ute um nætene, stal mjølk ei natt or meierispannet til Pål. Alle dei gamle innbillingane (er det innbillingar?) kom. Sumt vist, sumt rivande gale. Eg gjekk elles for det meste litt att og fram og dreiv på golvet heile dagane. Sov stundom, stundom ikkje. Tok kald styrt av snjovatn frå elvi. Det reiv godt.

Tablettane som dokteren skaffa, bruka eg stundom, stundom ikkje. – Men, eg streid meg gjenom, trur eg då. Eg skynar no det var gale eg ikkje let dei senda meg. Då hadde eg fenge mat og litt tilsyn, set andre folk, fenge litt hjelp av pleiarar, dei kan gjera mykje!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement