Hauge-dagbøkene: 10. februar 1966

«Kvar frå kom me? Kvar skal me? Kva er vondt, kva er godt?»

Publisert

Leo Tolstoy: Anna Karenina. Tri drjuge band. Vel, eg har aldri lese dette verket fyrr. Spanande, gripande. Har lang dragkraft. Spursmål mann–kvinne. Vel, eg skal ikkje segja meir.

No, etter eg har lese Anna Karenina (Kreutzersonaten og Krig og Fred har eg lese fyrr), skal det verta gildt å lesa Thomas Manns utgreiding um Goethe og Tolstoy.

Dei store, klåre dragi i forteljingi, det sentralt menneskelege, det som i røyndi er noko, gjeld noko for kvart einskilt menneske, og samfunnet òg, det er det Tolstoy skildrar. Han er ikkje estet. Kvar frå kom me? Kvar skal me? Kva er vondt, kva er godt?

Dette er evige spursmål for han. Kva er lukke? Kva er rettferd? Kva er menneskeverd? Klåre, greide umgrep, evige tankar som har rørt seg hjå menneski til alle tider. Jau, han har dei store linor. Sermerkt for Tolstoy er at han skildrar normale menneske, ikkje so mykje avvikarane, dei unormale, slik som Dostojevsky skulde gjera.

Tolstoy har sikkert lagt ned mykje i seg sjølv i Konstantin Levin. Tolstoys romanar har den store roi som høyrer naturi og årstidene til. Organiserande kraft sermerkjer Tolstoy, difor fell all tilgjerdsle og stas burt. Dolly, Kitty og Anna, desse tri kvinnone har mykje å fortelja deg.

Homér, Platon, Pindar, Shakespeare, Molière, Hamsun, Aukrust, Duun kunde lite og ikkje av framande språk. Men dei kunde sitt morsmål. Nietzsche meinte framande språk øydelagde øyro for morsmålet. Goethe meinte det motsette.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement