Musikk

Hater med glede

Malmö-bandet lovar noko anna enn det dei er. Heldigvis.

Det kan aldri bli nok bandfoto med bil. Her er Hater med stasjonsvogn.
Publisert Sist oppdatert

Dei fyrste få dagane dei var eit band, bar trioen Thåström, Ljungstedt og Eriksson namnet The Haters. Så skifta dei til Ebba Grön. Denne Malmö-kvartetten har halde på Hater-namnet i snart ti år. Men Hater er direkte villeiande. Dei spelar ikkje hard metal eller samfunnskritisk, aggressiv punk. Vi får i staden melankolsk, gitardriven indiepop om mellommenneskelege kjensler og einsemd. Det er ikkje noko hat her.

Sjølvsagt er det ein slags ironi i botnen. Den kan vere litt vanskeleg å skjønne før ein høyrer røysta til Caroline Landahl. Det kan kanskje vere litt vanskeleg etterpå òg. Ikkje tenk så mykje på det.

Tredjealbumet minner om britisk undergrunnsmusikk frå seint på 1980-talet og dei neste tiåra. Låtar som kan vere både støyande og kaotiske, men som samstundes har ein forunderleg indre melankolsk varme. Fire år etter det ganske Cocteau Twins-klingande albumet Sincere har dei skifta trommis, fått ein breiare klang med meir glød.

Mosquito set gitarane i ei meir førande rolle. Når røysta nærast brest, som til dømes på «Angel Cupid», mot doble gitarakkordar som syng klagande, er det tydeleg at dei har fått til noko som stikk skikkeleg godt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement