Musikk

Hardtslåande øyresnop

Fever Rays tredje soloalbum er ei ambivalent handsaming av anger, hemnfantasi, sorg og sjølv- og nestekjærleik.

Publisert

Elektronisk / Pop

Radical Romantics er det tredje albumet til svenske Fever Ray, som mange kjenner frå introduksjonssekvensen til TV-serien Vikings. Albumet er inspirert av Bell Hooks’ bok All About Love, og tanken om at verda ville vore ein lukkelegare stad dersom vi kunne einast om at love er eit verb og ikkje eit substantiv – å elske.

Songane er sjølv- og samfunnskritiske og gjennomsyra av spretten, til dels hissig og svært melodiøs melankoli. Stilen er ein slags eksperimentell elektropop med hint av industrial, triphop og new age: Legg til dømes merke til dei syntetisk-eksotiske fløyte- og perkusjonslydane på songen «Kandy».

«Carbon Dioxide» er enormt energisk og dansbar med forunderleg lyrikk, medan den beinharde balladen «Did You Hear What They Call Us» tek for seg kjensla av å ikkje ha strekt til som forelder.

«Even it Out» (med Atticus Ross og Trent Reznor frå Nine Inch Nails som medprodusentar) er tufta på artistens anger over å ikkje ha meistra å stille nok opp for barnet som blei mobba på vidaregåande, men her er det såre overskrive av kokande sinne. I musikkvideoen, inspirert av John Waters-filmen Female Trouble, speler Fever Ray rolla som den blodtørstige mammaa Demona Lisa i ein eksplisitt illustrasjon av brutal hemnfantasi.

Artisten har gjort det klart at hen sjølvsagt ikkje ville sett slikt ut i livet, men vi skjønar vel greia – resonansen mellom det visuelle materialet, musikken og lyrikken manar fram underlege ekko av ambivalensen i djupe avkrokar i det menneskelege kjensleapparatet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement