Musikk
Hansamusikk
Manfred Cordes får Magdeburgs musikalske fortid til å klinga.
Den katolske koalisjonens «magdeburgisering» av det protestantiske Magdeburg i 1631.
Den tyske dirigenten Manfred Cordes arbeider for tida med ein albumserie som dokumenterer musikken i dei gamle hansabyane. Det fyrste albumet (2022) handla om Stralsund ved den tyske austersjøkysten, det andre (2023) om Danzig, dagens Gdańsk i Polen. I Volum 3 gjev han og Europäisches Hanse-Ensemble oss lyden av Magdeburg, den gamle hansabyen ved elva Elben i dagens tyske delstat Sachsen-Anhalt.
Musikalsk er Magdeburg mest kjend for Georg Philipp Telemann (1681–1767), som blei fødd her i 1681. Byen hadde då stabla seg på beina etter trettiårskrig og påfylgjande pest, som berre 500 av dei 25.000 innbyggjarane kom levande frå. Den største enkeltmassakren under trettiårskrigen, i 1631, er opphavet til det tyske uttrykket «å bli magdeburgisert», som tyder å bli totalt utsletta.
Magdeburgsk skule
Den vakre barokkbyen som voks fram på Telemanns tid, er i dag borte. I januar 1945 blei han nemleg magdeburgisert for andre gong, no av allierte bomber, som la 90 prosent av bygningane i grus. Det som var att av bustadarkitektur, jamna DDR-regimet seinare med jorda for å skapa ein iskald, sosialistisk mønsterby. Eg har vore der fleire gonger; han er den tristaste tyske byen eg veit om.
Likevel har mykje av musikken frå det gamle Magdeburg overlevd. Etter reformasjonen spelte han ei berande rolle ved byens katedralskule. Der sytte kantorane for musikkoppdraginga, og mange var så dugande komponistar at ein talar om ein «magdebursk skule» i musikken. Cordes har valt ut åtte av dei. Ikkje alle er like kunstnarleg interessante; eg hever difor fram dei tre beste.
Luthers ven
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.