Musikk
Hannisdal vågar og vinn
Dette er ei perle av ei soloplate.
Inger Hannisdal og fiolinen er åleine på det nye albumet.
Foto: Lama S. Riman
Hannisdal gav ut North South, East West i 2022 – ei av dei mest spanande platene det året. Plata hadde mange kvalitetar, mellom anna eit framifrå samspel, men først og fremst særmerkte komposisjonar. Ein kunne såleis venta meir av det same, men nei, Hannisdal utfordrar seg sjølv og lydaren ved å gå i motsett lei.
Soloformatet er krevjande. Å skapa ein halvtime med musikk ved hjelp av fiolin, boge og nokre studiomikrofonar som held lydaren fast, er det ikkje alle som maktar. Mange som gjev ut soloplater, tyr til ymse pålegg, inkludert perkusjon og elektronikk, men Hannisdal står i det og har reinska uttrykket for alt anna enn fiolinen. Det er berre Nils Økland som gjer noko like spanande som Hannisdal her på berget.
Plata inneheld åtte komposisjonar, alle førte i pennen av Hannisdal. Det er ikkje snakk om fri improvisasjon, men vakkert strukturerte stykke som alle er å finna i spaningsfeltet mellom samtids- og folkemusikken. Denne spenninga er aller sterkast til stades i tittelkuttet «Free Folk». Dette er også komposisjonen som har den mest fascinerande forma.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.