Bok
Handlekraftige kvinner
Skildringa av lagnadene til dei tsjekkoslovakiske borna er utvilsamt det sterkaste i boka om kvinnene i Nansenhjelpen.
Representantar for Nansenhjelpens kvinner. Frå venstre Tove Filseth, Eyvor Lehmann og Sigrid Helliesen Lund.
Foto frå boka / Kagge Forlag
I den stadig meir omfattande og kritiske litteraturen om holocaust i Noreg er Hilde Vesaas ein forfattar som fortel historiene om dei som var viljuge til å setje sitt eige liv på spel for å berge andre. Tidlegare har ho skrive boka Carl Fredriksens Transport. Den ukjente historien om krigens største heltedåd (2017), men i år gav ho ut Nansenhjelpens modige kvinner. Med nestekjærlighet som våpen i kampen for jødiske flyktninger.
Kvinnene Vesaas vel å framheve, er Tove Filseth (seinare Tove Tau), Sigrid Helliesen Lund og Ingebjørg Sletten Fosstvedt, og gjennom dei vert historia til Nansenhjelpen fortald.
I kortaste laget
Ei av utfordringane med boka er at ho er kort. På 228 sider skal mykje historie formidlast. Det fører til at Vesaas sjeldan borar djupt i dei mange dramatiske hendingane. Med avgrensa plass gjer Vesaas eit godt val ved å setje søkjelyset på dei jødiske borna organisasjonen hjelpte.
Skildringa av lagnadene til dei tsjekkoslovakiske borna er utvilsamt det sterkaste i boka. Det er her boka verkeleg skin, og ein kan ikkje unngå å bli prega av historiene Vesaas formidlar. Det er hjarteskjerande å følgje reisa til borna og å lese om korleis dei tsjekkoslovakiske foreldra måtte gje avkall på det mest dyrebare dei hadde for å verne dei frå Nazi-Tyskland.
Etter reisa til Noreg i 1939 vart dei fleste borna fordelte på barneheimar og fosterforeldre i Sør- og Midt-Noreg. Skal vi tru Vesaas, fann dei fleste borna seg til rette, men ho poengterer at kjeldene ikkje nødvendigvis fortel heile sanninga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.