Han steike for ei bok!Banning er stovereint som granskingsobjekt.SakprosaRuth Vatvedt Fjeld:Norsk banneordbok

Banning er stovereint som granskingsobjekt.

Publisert

På heimtraktene mine blir det herma ein dialog mellom to gutar, den eine ganske liten, den andre noko større. «Kan du bannast?» spør den største. «Nei!» «Ja, men det må du lære deg, så du ikkje blir opprådd!»

Når vi no har fått Ruth Vatvedt Fjelds Norsk banneordbok, er det i alle fall ingen grunn til å bli opprådd i så måte. No er dette sjølvsagt inga lærebok, og du går ikkje med henne på deg for å slå opp eit høveleg kraftuttrykk når trongen melder seg. Da må det hentast fram kjapt og spontant frå det såkalla mentale leksikonet vårt, der banneorda ifølgje forfattaren ligg godt lagra, kanskje betre enn andre ordforråd. Men for all del, her finst mykje saftig materiale for den som vil utvide denne delen av vokabularet, og brukarane vil nok pendle mellom nye oppdagingar og humrande attkjenning.

Bannehistorie

Ruth Vatvedt Fjeld er ein velrøynd språkforskar med norsk ordforråd som spesialområde. Den leksikografiske kloa hennar avspeglar seg i det grundige arbeidet og det systematiske oppsettet. Først får vi ein introduksjonsdel med utgreiing om bannehistoria, ulike typar banning, kvifor vi bannar og kven som gjer det. Det blir rydda opp i ein del misforståingar og mytar, som at den som bannar, har eit fattig ordforråd. Det finst det ingen dokumentasjon på, seier Fjeld. Bannaren er tvert imot svært merksam på kva ord som fungerer i den aktuelle situasjonen.

Etter introduksjonen kjem ei instruktiv brukarrettleiing, der det mellom anna er gjort greie for utvalet av oppslagsord, kjeldene som er brukte, dei forskjellige opplysningane vi finn i ordartiklane, og ei liste over faguttrykk.

Lengst bak er ei litteraturliste og forslag til vidare lesing.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement