Haldningsskapande historie

Venleg kjempe finn ny veg i ein skog av forteljingar.

Kjempen slik som Akin Duzakin ser han.
Kjempen slik som Akin Duzakin ser han.
Publisert

Akin Duzakin er mellom våre fremste og mest omtykte illustratørar. I nokre få høve har han også skrive tekstane i biletbøkene han illustrerer sjølv. Denne delen av kunstnarskapet vert vidareutvikla i Kjempen.

Kjempen herjar i den mørke skogen, med bjørnekropp og ulvekjeft. Ein dag fell han utfor stupet og slår seg så stygt at han gløymer alt om seg sjølv. Dyra i skogen legg ein lur plan. Dei fortel Kjempen kor hjelpsam, snill og venleg han er.

Kjemper har vi sett mange av, både i folkediktinga, i nyare populærkultur og i barnelitteraturen. Lesaren i målgruppa er godt kjend med både troll og monster.

Forfattaren skriv seg inn i ein skog av forteljingar vi kjenner frå før, men syner oss alt frå nye, varierande perspektiv og med ein meir moderne og myndiggjerande bodskap.

Duzakins duse, grøne og brune skogsmiljø er ikkje særleg skummelt, heller melankolsk og dystert. Fallet utfor stupet er eit markant brot i handlinga. Deretter vert det lysare, både i tekst og bilete.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement