JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Haggard foryngdecountrymusikken

Eliot er best når han i biografien fram­stiller livet til Merle Haggard som ein countrysong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3520
20230331
3520
20230331

Sakprosa

Marc Eliot:

The Hag. The Life, Times, and Music of Merle Haggard

Hachette Books, New York 2022

Merle Haggard var ein av dei største i countrymusikken. Då han døydde i 2016, hadde han spelt inn over 600 songar, 250 skrivne av han sjølv. Inspirert av songane til Bob Wills, Jimmie Rodgers, Lefty Frizzell og Hank Williams starta han som tenåring å komponere låtar og skrive biletsterke tekster med konsise ordval og djupe observasjonar: kjærleikssongar, alkoholsongar, fengselssongar og togblues.

Den einaste Top 40-hiten hans var julesongen «If We Make It Through December» i 1973. Han lét som ein jazzstandard frå før 1950 med virtuose gitarakkordar og den honningmjuke røysta til Merle Haggard. Songen har ein bodskap som ikkje finst i «White Christmas» til Bing Crosby. Den arbeidslause faren i songen uroar seg for at han ikkje skal klare å lage jul for den vesle dottera.

I vogge-til-grav-biografien som Marc Eliot har skrive om Haggard, blir denne songen samanlikna med eit kanonisert dikt av ein annan californiar, Robert Frost. «Stopping By Woods On A Snowy Evening» har også eit lyrisk eg som møter snøen og desembermørket. Både julesongen til Haggard og diktet til Frost nyttar enkle kvardagsvendingar, lada av einsemd, desperasjon, liding og mysterium så fort du pirkar i overflata.

Dette er interessant, men det blir umotivert synsing når han påstår at «December» kan måle seg med kva som helst av annan amerikansk lyrikk, og at dei litterære smaksdomarane har ignorert Haggard. Det er viktigare for posisjonen til Haggard at han i mai 1974 som første countrymusikar i historia var på framsida til vekemagasinet Time, og at han blei heidra med Lincoln Center Lifetime Award for utøvande kunstnarar. Ifølge Eliot blei Haggard dessutan av Bob Dylan utropt til den største av alle amerikanske låtskrivarar.

Eliot er best når han i biografien framstiller livet til Haggard som ein countrysong. Nokre av grunnmotiva er depresjonen i 1930-åra då foreldra følgde straumen av folk vestover frå det tørkeramma Oklahoma til ei ny framtid i California.

Bakersfield blei ein mellomting av boomtown og hobo-jungel med tett i tett av dansehallar, kneiper og barar der hard og elektrifisert countrymusikk oppstod. The Bakersfield sound var den rake motsetnaden til den pyntelege sound of Nashville. Buck Owens blei den første store utøvaren. Haggard løfta Bakersfield-musikken til dei heilt store høgdene og foryngde heile countrymusikken.

Familien budde i ei kassert godsvogn som faren bygde om. Faren, som døydde då Merle var ni år, er neste motiv. Guten blei sjølvdestruktiv og rømte heimafrå, fekk dårlege vener og kom i ungdomsfengsel. Musikken han spelte saman med ein kompis, heldt han oppe. I 1956 gifta han seg for første gong av fem gonger, og blei familiefar med eit veksande rulleblad av biltjuveri, sjekksvindel og ran.

Etter 17 rømmingar frå soningsopphald fekk han 15 år bak murane i San Quentin med mogleg fråtrekk for god oppførsel. Etter to år blei han sloppen ut på prøve, og i 1965 slo han igjennom med «(All My Friends Are Gonna Be) Strangers», og Strangers blei namnet på det legendariske bandet hans.

I 1969 var Merle Haggard den bestseljande countryartisten av alle. Han var inspirasjonen for Gram Parsons’ countryrock som spreidde seg i California heile vegen til The Eagles.

Øyvind Pharo

Øyvind Pharo er frilans musikkskribent og fast skribent i dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis