Guten og hundane Menneskets beste ven får ny tillit i tøft tenåringsdrama. UngdomsbokHelene Guåker:
Menneskets beste ven får ny tillit i tøft tenåringsdrama.
Helene Guåker har skrive fleire bøker for ungdommar og vaksne.
Foto: Richard K. Johansen
Det er tøft og somme tider direkte vondt i den siste ungdomsboka til Helene Guåker. Opningsscena skildrar eit overfallsslagsmål, mange mot éin i skulegarden. Alex står aleine, men får skulda og vert utvist frå ungdomsskulen.
Faren er død av rusmisbruk, mora jobbar doble vakter. Medelevane mobbar han, men heime har Alex fire gode vener: rottweilerane Vera, Max, Anja og Hektor.
At venskapen mellom dyr og menneske er usliteleg inntil døden, er eit klassisk motiv i barnelitteraturen. Lassie, Vesleblakken, Silkesvarten og Hald er kjære barnbokminne for mange. Vov-vov-effekten er ein ny og hardare variant.
Forteljinga er sterkast i den indre samtalen. Alex tenkjer i eit dialektnært, ordknapt tenåringsspråk. Like fullt tenkjer han i bilete, som i dette språket blir sterke og truverdige: Han vil at kjenslene skal forsvinne som søppel i eit svart hol i verdsrommet.
Små innsmett med indre hundemonolog skaper humor og komikk. Hundane får roller og karaktertrekk og står etter kvart fram som ein del av persongalleriet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.