Gufset frå skrivebordsskuffaJan-Erik Ebbestad Hansen vil overtyde oss om at antisemittismen til Alf Larsen er henta frå Rudolf Steiner. Men boka til Hansen tonar ned det som hos Steiner talar mot dette, og legg nær all vekt på det som kunne tale for det.
Jan-Erik Ebbestad Hansen vil overtyde oss om at antisemittismen til Alf Larsen er henta frå Rudolf Steiner. Men boka til Hansen tonar ned det som hos Steiner talar mot dette, og legg nær all vekt på det som kunne tale for.
Korleis kan det ha seg at Rudolf Steiner, som var open motstandar av antisemittismen, hadde synspunkt vi i dag oppfattar som antijødiske? Det er lett å skjøna ut frå den historiske samanhengen, skriv Kaj Skagen.
Var Rudolf Steiner antisemitt? Har dei norske Steiner-skulane, Vidaråsen Landsby for psykisk funksjonshemma, dei biodynamisk-økologiske gardsbruka og ei rekkje norske forfattarar frå Ivar Mortensson-Egnund til André Bjerke og Jens Bjørneboe henta inspirasjon frå ei antisemittisk tankeretning? Det hevdar idéhistorikaren Jan-Erik Ebbestad Hansen i boka En antisemitt trer frem. Jødehataren som stig fram, er rett nok ikkje Rudolf Steiner, men forfattaren og antroposofen Alf Larsen (1885–1969).
Alf Larsens upubliserte manuskript «Jødeproblemet» ser ut til å kunne vere den mest vondsinna antisemittiske teksten som finst på norsk. Teksten vart truleg skriven i 1950-åra, men vart liggjande upublisert i skrivebordskuffa fordi Larsen ikkje kunne finne ein forleggjar som ville gje han ut. Jødane er ein «forfærdelig byld», «verdensutviklingens uhyggeligste likgift», «den nationale galskaps kreftknute i menneskehetslegemet», skriv Alf Larsen, som òg meinte at «Israel er jødedommens syfilis».
Eit tendensiøst bilete
No vil Hansen overtyde oss om at antisemittismen til Alf Larsen er henta frå Rudolf Steiner. Men boka til Hansen tonar ned det som hos Steiner talar mot dette, og legg nær all vekt på det som kunne tale for det. Resultatet vert eit Steiner-bilete som dei færraste som har sett seg inn i Steiners verk, vil kjenne att.
Rudolf Steiner vart fødd for meir enn 150 år sidan og voks opp med den austerrikske tysknasjonalismen. Mangt i tenkinga hans er sjølvsagt prega av dette. Mystikken hans vart til i tilknyting til den moderne teosofien og er farga av dette òg. Idéhistorisk sett oppstod mykje i antroposofien kanskje som ei applisering av darwinismen på teosofien og som ei omarbeiding av teosofien frå Steiners ståstad i den tyske idealistiske filosofien frå Lessing til den yngre Fichte.
Det seier seg sjølv at ein tenkjar tek inn den kulturen han veks opp i, og som alle veit, hadde tiåra på begge sider av 1900 mange innslag av rasistisk, antijudaistisk og antisemittisk tankegang. Dette var òg ei tid då evolusjon og degenerasjon skulle forklare det meste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.