Bok

Guds finger

Joseph Roth skriv om nåde, men han var nådelaus mot seg sjølv.

Joseph Roth var journalist og forfattar frå det jødiske shtetl-miljøet i Austerrike.
Publisert Sist oppdatert

Joseph Roth (1894–1939) var ein svært kjend journalist og forfattar i si tid. Han voks opp i Brody i Aust-Galicia, den gongen under dobbelmonarkiet Austerrike-Ungarn, i dag ligg byen under Lviv oblast i Vest-Ukraina. Begge foreldra var jødar.

I 1913 tok han til å studere litteratur og filosofi i Wien, men to år som soldat under første verdskrigen sette ein stoppar for ein akademisk karriere. Som journalist blei han derimot fort lagd merke til, og han fekk etter kvart innpass i dei store avisene i Wien, Praha, Berlin og Frankfurt.

Samtidig skreiv han også skjønnlitteratur. Han debuterte i 1923 og gav ut ei lang rekke romanar og forteljingar som i det siste tiåret er gjenoppdaga. Solum/Bokvennen har fire titlar av Roth tilgjengeleg, også Legenden om den hellige drankeren (2014), omsett av Stein Dahl Mathisen og med forord av Geir Pollen.

Som Jeppe

No har Jon Fosse tatt for seg Joseph Roth, og han leverer ei smidig omsetjing der vi blir kjende med Andreas Kartak frå Olschowice i polsk Schlesien. Vi møter han som uteliggar under bruene i Paris, alkoholisert og forkommen. Ein dag får han 200 franc frå ein ukjend velgjerar («Gud gjorde at eg møtte deg») mot at han skal betale tilbake til den heilage Terese av Lisieux i kapellet Saint-Marie des Batignolles, men kvar gong han skal levere pengane, blir han distrahert. Like full er han fast bestemt på gjere opp for seg.

Han drikk sjølvsagt opp pengane, slik Jeppe gjorde i si tid, men Andreas blir stadig velsigna med nye pengar gjennom strøjobbar, rein flaks og gamle kjende: «For det er ingenting menneska ven seg lettare til enn under, når dei opplever dei éin, to og tre gonger.»

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel