JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Gud og kvarmann på børsen

Ein lyt sjølv syta for det skråe blikket om Dumb Money ikkje skal enda opp med å vera berre ein artig underhaldningsfilm.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Keith Gill (Paul Dano) styrer YouTube-kanalen sin frå kjellaren i huset han deler med kona og babyen.

Foto: Claire Folger / Sony Pictures

3721
20230922
3721
20230922

Drama

Regi: Craig Gillespie

Dumb Money

Med: Paul Dano, Seth Rogen, America Ferrera
Kinofilm

Omtrent parallelt med covid-19-pandemien skjer noko spektakulært på børsen i USA: Den nær konkursråka spelbutikkjeda GameStop får plutseleg ein haug med småkjøparar av aksjar, slik at storkaksane som har spekulert i å kjøpa opp såkalla short-aksjar, ser ut til å tapa alt. Frontfiguren for dette rare opprøret er Keith Gill (Dano) som styrer YouTube-kanalen sin frå kjellaren i huset han deler med kona og babyen. Børsen er ikkje førebudd på at spelet blir skipla av ein mann som kallar seg Roaring Kitty. Og eit spel er det utvilsamt.

Kittytalisme

Kunne timinga vore betre for denne filmen her til lands? Ektemennene til ministrane driv rundt som einmannskittiar med potane på datamaskina og gjer at dei fleste lyt spørja seg: Kva er greia med aksjehandel? Eg skal på ingen måte seia eg har god peiling. Sjeldan har eg følt meg så dum og uinformert som då eg såg The Big Short (2015) her om dagen. Når du googlar filmtittel pluss «what is the meaning of...», veit du at du ikkje har skjønt så mykje.

Etter Dumb Money føler eg meg mindre dum, men aksjar er ikkje for folk flest, uansett kor mykje filmen prøver å framstilla det som om framtidas demokratiseringskamp ligg på børsen. Kapitalisme i USA fortonar seg noko annleis enn her heime, og Bibelen står også sterkare, noko som kan forklara at alle vil bli rike. Dei audmjuke skal arva jorda, og berre dei er fattige i ånda, så får dei jaggu himmelriket med på kjøpet.

99 prosent

Likevel er det opplagt ei bibelsk samanlikning som gjer seg best i Dumb Money: David og Goliat. Og slike forteljingar er jo ofte god underhaldning der me veit kven me skal halda med. Ikkje eingong Goliat ville heia på Goliat hadde han sett filmen om seg sjølv. Hovud-David i filmen er verkeleg Keith Gill, alias Roaring Kitty alias Deep Fucking Value, mens dei andre Davidane, som Marcos som jobbar i ein GameStop-butikk, og Jennifer som er sjukepleiar (Ferrera), er oppdikta personar.

Goliat nummer éin er hedgefondrikingen Gabe Plotkin (Rogen), og det er ein fin tvist å ha med ein slemming som er vanskeleg å mislika. Dei kunne lett teke inn ein av skodespelarane frå Succession for å verkeleg understreka kynismen til desse som tilhøyrer 1 prosent-samfunnet. Og nettopp dette ekkoet frå Occupy Wall Street-rørsla som oppstod i 2011, er interessant og får meg til å tenkja: Er det nokon som tenkjer at løysinga på å få ned ulikskapane i samfunnet er at alle blir aksjespekulantar?

Spekulativært

Det er ikkje dette Dumb Money har lyst til at det skal handla om, trur eg, sjølv om den brølande katten Keith Gill til slutt fekk fleire titals millionar dollar ut av spelet sitt. Dette skal handla om at slemmingane ikkje skal få alt, at det finst ekte korrupsjon på børsen, og akkurat den moralen er jo lett å kjøpa.

Så viss du nøyer deg med å verta underhalden av artige, likandes Reddit-nerdar som tek hemn ved å tena seg rike til slutt, så køyr på. Det er jo det alle eventyr handlar om. Og regissør Craig Gillespie er god til å fortelja nesten-sanne historier som I, Tonya (2017) eller Pam & Tommy (2022).

Eg har det kanskje berre i ryggmergen å reagera negativt når aksjespekulering blir hypa til eit våpen i klassekampen. Pluss at på mange måtar er spekulering så til forveksling likt spelegalskap, i mine enkle auge, at viss dette skal vera redninga for å minska ulikskapsgapen, så Gud hjelpe oss alle, både audmjuke, fattige og steinrike.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis