Grunnskolert

Fabio Biondi og Europa Galante spelar verk av ein konservativ ung mann.

Den italienske fiolinisten og dirigenten Fabio Biondi (t.v.).
Den italienske fiolinisten og dirigenten Fabio Biondi (t.v.).
Publisert

Fabio Biondi er ein av mange tidlegmusikarar som starta med barokkmusikk, men sidan har krope seg opp og fram i musikksoga. På dette albumet er han dirigent og solist i eit knippe sjeldan framførte ungdomsverk av Felix Mendelssohn Bartholdy frå byrjinga av 1800-talet.

Orkesteret Europa Galante spelar på kopiar av instrument frå perioden, noko som gjev luftigare og mjukare klang enn det moderne instrument maktar. Når det gjeld Biondi som solist, har eg hatt blanda live-opplevingar med han. På solokonserten under Festspillene i Bergen i sommar, til dømes, spelte han ganske så surt. Men på plata kling det betre. Framføringa av den tidlege fiolinkonserten i d-moll er gjord med sikker teknikk (distinkt intonasjon og artikulasjon), og tolkinga får fram friske, ungdommelege stemningar.

Historiske førebilete

Mendelssohn var eit ekte vedunderbarn. All musikken på plata blei komponert medan han var mellom 11 og 18 år gammal. Det vil seia: Han var ikkje vedunderbarn på mozartsk måte. W.A. Mozart komponerte jo alt i barndomsåra genuint original musikk, med melodiske og metriske særsyn andre ikkje kunne ha funne på. Han flaut lenge på denne originaliteten og levde så å seia av det musikalske instinktet sitt. Ikkje før han blei vaksen, gjekk han laus på ei tradisjonell (sjølv)skolering med studium av eldre tids meisterverk, som Händels storfelte oratorium og J.S. Bachs intrikate fugar.

Med Mendelssohn var det annleis. Frå den tidlegaste ungdommen av stod han fram som grunnskolert innan eldre tiders tonespråk. Me høyrer dette i dei feilfritt komponerte trestemmige fugane på plata, der førebiletet heilt klart er J.S. Bach. Dette er ikkje merkeleg, for det Berlin som vesle Felix voks opp i, var eit sentrum i den tidlege Bach-dyrkinga. Dei to strykesymfoniane på plata (nr. 2 og 5) verkar derimot inspirerte av sonen C.P.E. Bach, for dei struttar av den Sturm und Drang-energien og -virtuositeten som kjenneteiknar nordtysk musikk i tiåra etter J.S. Bachs død i 1750.

Ingen meisterverk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement