Grunnskolert
Fabio Biondi og Europa Galante spelar verk av ein konservativ ung mann.
Den italienske fiolinisten og dirigenten Fabio Biondi (t.v.).
Foto: Wojciech Grzedzinski
CD
Felix Mendelssohn Bartholdy:
Orchestral Works
Fabio Biondi, fiolin og leiing; Europa Galante. NaÏve 2022
Fabio Biondi er ein av mange tidlegmusikarar som starta med barokkmusikk, men sidan har krope seg opp og fram i musikksoga. På dette albumet er han dirigent og solist i eit knippe sjeldan framførte ungdomsverk av Felix Mendelssohn Bartholdy frå byrjinga av 1800-talet.
Orkesteret Europa Galante spelar på kopiar av instrument frå perioden, noko som gjev luftigare og mjukare klang enn det moderne instrument maktar. Når det gjeld Biondi som solist, har eg hatt blanda live-opplevingar med han. På solokonserten under Festspillene i Bergen i sommar, til dømes, spelte han ganske så surt. Men på plata kling det betre. Framføringa av den tidlege fiolinkonserten i d-moll er gjord med sikker teknikk (distinkt intonasjon og artikulasjon), og tolkinga får fram friske, ungdommelege stemningar.
Historiske førebilete
Mendelssohn var eit ekte vedunderbarn. All musikken på plata blei komponert medan han var mellom 11 og 18 år gammal. Det vil seia: Han var ikkje vedunderbarn på mozartsk måte. W.A. Mozart komponerte jo alt i barndomsåra genuint original musikk, med melodiske og metriske særsyn andre ikkje kunne ha funne på. Han flaut lenge på denne originaliteten og levde så å seia av det musikalske instinktet sitt. Ikkje før han blei vaksen, gjekk han laus på ei tradisjonell (sjølv)skolering med studium av eldre tids meisterverk, som Händels storfelte oratorium og J.S. Bachs intrikate fugar.
Med Mendelssohn var det annleis. Frå den tidlegaste ungdommen av stod han fram som grunnskolert innan eldre tiders tonespråk. Me høyrer dette i dei feilfritt komponerte trestemmige fugane på plata, der førebiletet heilt klart er J.S. Bach. Dette er ikkje merkeleg, for det Berlin som vesle Felix voks opp i, var eit sentrum i den tidlege Bach-dyrkinga. Dei to strykesymfoniane på plata (nr. 2 og 5) verkar derimot inspirerte av sonen C.P.E. Bach, for dei struttar av den Sturm und Drang-energien og -virtuositeten som kjenneteiknar nordtysk musikk i tiåra etter J.S. Bachs død i 1750.
Ingen meisterverk
Høyrer me så Mendelssohns eiga kompositoriske røyst i denne historiserande musikken? Eg vil seia ja, for det er – kanskje med unnatak av fugane – personlege vriar som avslører at dei aldri kunne vore komponerte på 1700-talet. Meisterverk i tradisjonell forstand er her ingen av. Fokus er på den melodiske yta, ikkje på uttrykksmessig djupn. Likevel merkar ein somme frampeik mot genialiteten me høyrer hjå den mogne Mendelssohn, særleg i fiolinkonsertens melankolske andresats.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.