Bok
Grønlandsk dystopi
Hos Niviaq Korneliussen går verda under i ein flora av plastblomstrar.
Den første romanen til Niviaq Korneliussen (f. 1990) kom ut i 2014 og vart seld til tolv land.
Foto: Angu Motzfeldt
Nordisk råds litteraturpris blei oppretta i 1962 som ledd i eit nordisk kultursamarbeid. Frå 1985 fekk også Åland, Færøyane, Grønland og Sameland (Sápmi) høve til å nominere kandidatar. Berre Færøyane og Sápmi har vunne prisen, i 1965 (William Heinesen, som dansk kandidat), 1986 og 1991. Det er med andre ord 30 år sidan eit av minoritetsspråka i Norden fekk prisen.
Grønlandske kandidatar har aldri vore i nærleiken av å vinne, til det har bidraga vore for snevert lokale og heimstadprega, utan spesiell litterær kvalitet og litt på sida av det som elles rørte seg i det nordiske litteraturfeltet, men årets kandidat Niviaq Korneliussen (f. 1990) har absolutt noko å fare med i lys av black lives matter, kolonialisme, kjønnsidentitet og opprøret mot gammal urett.
Inn i debatten
Romanen Blomsterdalen går rett inn i denne debatten utan å ende som einsidig partsinnlegg mot dansk kolonialisme og dansk overstyring eller mangel på styring. Det Korneliussen har på hjartet, er den skremmande sjølvmordsstatistikken på Grønland, særleg blant unge, og ho har ikkje noko ferdig svar på kvifor det er slik.
Men ho er inne på den framand-
gjeringa og rotløysa grønlendarar kjenner overfor det danske. Mindreverdskjensla ved å bli møtt med forakt og latterleggjering, einsemda og utfrysinga, skamkjensla, dette usymmetriske forholdet som alltid oppstår mellom kolonimakt og urfolk der urfolket må tilpasse seg koloniherrane og ikkje omvendt.
Berre noko så enkelt som namn: Svært mange inuittar har tatt danske namn, og lista over alle grønlandske nominasjonar til Nordisk råds litteraturpris frå 1991 fram til i dag, viser berre éin med grønlandsk namn, andre har anten for- eller etternamn som er grønlandsk, men dei aller fleste har danske namn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.