Musikk

Grip tak i sjel og dansefot

Soul- og discodivaen Diana Ross seier det som det er med kraftfulle balladar og heftige danselåtar.

Publisert

Diana Ross er kjend frå Motown-bandet The Supremes og for songar som «I’m Coming Out», «Ain’t No Mountain High Enough» og «Upside Down». Thank You, spelt inn under koronanedstengingane i 2020, er det 25. albumet til den 77 år unge artisten.

Tittelsporet er ein soul-pop-låt i medium tempo, og motstand er nyttelaust når houserytmane og dei oppløftande verselinene på andresporet, «If the World Just Danced», røskar fot og sjel opp frå den svevndyssande smarttelefonihypnosen med rota. Tredjesporet «All Is Well» er ei klassisk soul-pop-ballade av den gode, gamle, positive sorten, og fordelinga mellom balladar, mid-tempo soullåtar og sprettent dansegolvbelegg er om lag lik mellom dei tretten spora på «Thank You».

«Let’s do it together», syng Ross på «Let’s Do It», og albumet som heilskap er ei tydeleg påminning om vona i fellesskapet. Med enorm stemmeprakt og aura av livserfaring og kraft meistrar Ross å kommunisere sanningar det for oss ordinære folk kan vere pinleg berre å tenkje, til dømes på «Tomorrow», der discofaktoren er på maks: «Tomorrow starts with me, and you, and you – ain’t that the truth

Jo, det er faktisk sant, og eg er takksam for at Diana Ross bruker den musikalske autoriteten sin til å minne oss om at samhald og samhandling er nøkkelen til ei rettferdig framtid og samfunn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement