Musikk
Griegs hjarteblod
Strykekvartetten Opus13 spelar Griegs g-mollkvartett i Kvinnherad kyrkje.
Foto: Liv Øvland
Den andre av dei to Grieg i Hardanger-konsertane fann stad i Kvinnherad kyrkje i Rosendal, steinkyrkja frå 1200-talet med ypparleg akustikk. Før pause fekk me eit knapt dusin Grieg-romansar (kunstsongar) der tenoren Eirik Grøtvedt og pianisten James Baillieu atter presterte godt. Den fyrstnemnde sin hang til veldig sterke forte-parti fungerte betre i kyrkja enn i Baroniets vesle sal.
Men føremiddagens piece de résistance var Griegs mest personlege og gedigne kammermusikkverk. Den fyrste tida hans i Ullensvang var ikkje alltid like produktiv. «Her gjør jeg det meget med å fiske torsk, og de musikalske ideer jeg fisker, er dessverre altfor ofte ikke ulik denne edle dyreart», skreiv han i eit brev.
Men hausten 1877 losna det, og før vinteren var omme, låg Strykekvartett i g-moll, op 27, føre. At desse «prøver av mitt hjerteblod», som han kalla det, blei slakta i Leipzig-pressa, forsura for alvor forholdet hans til byen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.