Grensesprengande kunstprosjektDel liktDIKTBrødet og Eselet:Del liktOktoberAttom Brødet og Eselet står musikaren Henrik Skotte og poeten Gunnar Wærness. Duoen utgjer ei framføringskunst- og kabaretgruppe som har vore aktiv sidan 2011. Dei har tidligare gjev
Del likt inneheld fengande dikt om samfunnssamanbrot.
Henrik Skotte og Gunnar Wærness skjuler seg bak Brødet og Eselet.
Foto: Oktober
Attom Brødet og Eselet står musikaren Henrik Skotte og poeten Gunnar Wærness. Duoen utgjer ei framføringskunst- og kabaretgruppe som har vore aktiv sidan 2011. Dei har tidligare gjeve ut bøkene Griskoknetter og Eurodike.
Del likt sprengjer rammene for ei tradisjonell diktutgjeving. I tillegg til verbaltekstane rommar boka fotografi, teikningar og videostills og kombinasjonar av desse. Fotografia syner menneske med eselhovud og menneskehovud kledde med hamburgarbrød og annan brødmat, plasserte i ulike miljø. Fotografia av fabelvesena er ofte forsynte med tekst og kan likne plakatar. Skulle det estetiske uttrykket samanliknast med noko, måtte det vere Gunnar Wærness’ teikneserieliknande diktbok Bli verden (2007). Medan Bli verden var ei biletbok, vert Del likt hovudsakleg bore av det poetiske verbalspråket.
Barsk ekskursjon
Del likt er ein barsk og laussluppen ekskursjon inn i eit bisart lyd- og biletunivers. I den framande biletverda tonar velkjende element fram. For her syng dei på trønderdialekt om E6, bilar, heilautomatiserte hotell og brennande buskar.
Evna til å leve seg inn i gjenstandar og krysse eksistensgrensene til plantar og dyr er i søkjelyset. Brødet vert til kjøt og kropp i fordøyingsprosessen. Mennesket vert til esel, buss og motorveg. Og busken, fisken og eselet tek til å snakke som om dei var sjølvmedvitne språkbrukarar i dei lydmålande, rytmiske songane. At dyr snakkar, er kjend frå fabel- og barnelitteraturen, men då snakkar dyra oftast som om dei var menneske. Her snakkar tinga og dyra utifrå ståstaden sin. Eselet, som fortel at det bar Jesus og ordet på ryggen, lærer seg å snakke i eit ABC-dikt der ortofonien trumfar den kjende ortografien: «Kå gå på knærn / foran Æll som la sæ Æmm e mett men / Ænn får aldri nok.»
Litterær logikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.